DRIFTIG.NO  er  for deg som vil;

    -  lære entreprenørskap
    -  starte bedrift
    -  drive bedrift

  ... i Sogn og Fjordane.   

 

 Les meir...

Søk

Verktøylinje

Blogg

Les aktuelle bloggarar...

Besøke blogg

Du er her:

Ungdom frå Måløy tok 2. plass under NM
Ungdom frå Måløy tok 2. plass under NM

"Smak av havet UB" frå Måløy tok ein flott 2. plass under NM for ungdomsbedrifter 2009.

Smak av Havet UB frå Måløy vgs. under NM på Gardermoen. Foto: Eivind Husabø

Ungdommane frå Måløy tok andreplassen i klassa "Beste utstilling" på NM for ungdomsbedrifter 23. og 24. april. 

Gneist UB under NMGode ambassadørar

Det blei ikkje pris på den andre ungdomsbedrifta frå fylket - "Gneist UB" frå Mo og Jølster vidaregåande skule, men Eivind Husabø i Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane er alikevel storfornøgd og gratulerer.

- Alle desse ungdommane er flotte ambassadørar for Sogn og Fjordane!  Dei gjorde ein kjempeinnsats under arrangementet og det mangla ikkje på stå-på vilje, humør og engasjement. Det var to lange og slitsomme dagar under NM på Gardermoen, men opplevingane var verdt alt strevet, seier Husabø.

Flott arrangement

Begge ungdomsbedriftene uttalte at dei var fornøgde med arrangementet og at det å få delta på eit så stort og flott arrangement var ei oppleving for livet. Over 80 ungdomsbedrifter deltok under den nasjonale messa for Ungdomsbedrifter, der "Toetally UB" frå Nøtterøy blei kåra til landets beste. Les Brita's blogg frå førebuingane til messa...



 

Verktøylinje

  • Nettby
  • Origo
  • LinkedIn
  • - UB-erfaring til nytte seinare i livet
    - UB-erfaring til nytte seinare i livet

    Rapporten «Ungdomsbedrift og entreprenørskap» konkluderer med at dei som har drive ungdomsbedrift i skulen, oftare enn andre, startar opp eigne bedrifter seinare.

  • Filmfestival der ungdomane er sjefane
    Filmfestival der ungdomane er sjefane

    Firda vidaregåande arrangerte filmfestival ei heile veke i november. Skuleelevane har det fulle ansvar, noko som gir nyttig lærdom for framtida.

  • Nordfjordingar vann Enova

    Eit spleiselag frå ulike skular i Nordfjord gjekk til topps i Enova gründercampen "Energi for framtida".

  • Avissamarbeid vart elektronisk magasin om næringsliv
    Avissamarbeid vart elektronisk magasin om næringsliv
    Avissamarbeid vart elektronisk magasin om næringsliv

    Firda og Firdaposten har samarbeidd om næringslivsavisa som over nesten 50 sider skriv om leiarar, entreprenørar, gründerar og innvandrarar i fjordfylket. Den elektroniske avisa er lett tilgjengeleg på nettet.

    1 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | 7 | 8 | 9 | 10 | 11     Neste »
Viser fra 1 til 4 av totalt 120 artikler
Copyright 2008 CoreTrek Red. Oddrun Midtbø                                                                                design by