DRIFTIG.NO er for deg som vil;
- lære entreprenørskap
- starte bedrift
- drive bedrift
... i Sogn og Fjordane.
Les aktuelle bloggarar...
– Mads Masdal (16), frå Røde Kors Ungdom, er ein av initiativtakarane til ungdomsbedrifta 1st Floor i Førde.
- Gjennom kurset har eg fått tips til korleis vi kan få pengar og til å tenke meir kreativt i arbeidet med ungdomsklubben 1st Floor. Det har vore eit veldig nyttig og artig kurs, med kjekke kursleiarar, seier Masdal.
Løysingsorientert
Vi skal lage klubbhus i gamleskulen, fortel Ida Hjellbrekke Frøyen (17) og Anders Kvamme (17) frå Solstrålen 4H i Angedalen i Førde. Dei stiller villig opp på løysingsorienterte øvingar - med ballongar.
Pilotprosjekt
4H Sogn og Fjordane og Ungt entreprenørskap Sogn og Fjordane har starta pilotprosjektet 4H-skaparen for å få i gang ungdomsbedrifter i frivillige organisasjonar. Gjennom 4H-skaparen får ungdomane kurs og oppfølging i å starte opp og drive ungdomsbedrifter.
Klubbhus
- Vi vart med på 4H-skaparen for å få tips og idear, spesielt til korleis vi kan skaffe pengar, fortel Anders Kvamme frå Solstrålen 4H. 4H-klubben er no i gang med å pusse opp gamleskulen i bygda til klubbhus, og vil lage ungdomsbedrift av huset.
- Vi trur at klubbhuset vil bli ein populær stad å møtast for ungdomar i bygda, seier Ida Hjellbrekke Frøyen, som er leiar i Solstrålen 4H.
Kurs i matlaging
- Eg vil tilby kurs i å lage sunn og god mat, og vise at matlaging kan vere kjekt og enkelt, fortel Filip Tøfte (19) frå Leikanger. Han skal snart i lære som kokk, og håpar etter kvart å starte ei bedrift som kan tilby kurs i matlaging for born og unge.
Utvikling i bygdene
- Det finst svært mange gode idear til ungdomsbedrifter både blant 4H-klubbane og andre frivillige organisasjonar i fylket. Vi håpar at vi i samarbeid med Ungt Entreprenørskap kan gje ungdomar eit tilbod som gir meirverdi personleg og skape utvikling av bygdene, seier Rene Spijkers, leiar for prosjektet Ung framtid i 4H Sogn og Fjordane.
Ung framtid
Ung framtid er eit treårig prosjekt i 4H Sogn og Fjordane. Entreprenørskap i 4H og bygdene er ein av pilarane i prosjektet, i tillegg til å arrangere 4H-Matskule og skape møteplassar for hybelbuarar. Ung framtid er støtta av Sparebanken Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane Fylkeskommune og Bygdeutviklingsmidlar gjennom Fylkesmannen si Landbruksavdeling.
For ytterlegare informasjon, kontakt:
Ida Hjellbrekke Frøyen: 41 85 34 08 (www.solstralen4h.org)
Anders Kvamme: 40 45 66 79 (www.solstralen4h.org)
Mads Masdal: 90 93 60 08 (www.1stfloor.no)
Filip Tøfte: 95 89 33 15
Rene Spijkers: 99 04 23 82 (www.4h.no/sognogfjordane
Rapporten «Ungdomsbedrift og entreprenørskap» konkluderer med at dei som har drive ungdomsbedrift i skulen, oftare enn andre, startar opp eigne bedrifter seinare.
Firda vidaregåande arrangerte filmfestival ei heile veke i november. Skuleelevane har det fulle ansvar, noko som gir nyttig lærdom for framtida.
Eit spleiselag frå ulike skular i Nordfjord gjekk til topps i Enova gründercampen "Energi for framtida".
Firda og Firdaposten har samarbeidd om næringslivsavisa som over nesten 50 sider skriv om leiarar, entreprenørar, gründerar og innvandrarar i fjordfylket. Den elektroniske avisa er lett tilgjengeleg på nettet.
| Copyright 2008 CoreTrek | Red. Oddrun Midtbø design by |