DRIFTIG.NO er for deg som vil;
- lære entreprenørskap
- starte bedrift
- drive bedrift
... i Sogn og Fjordane.
Les aktuelle bloggarar...

Begge bedriftene har utspring i restaurant- og matfaglinja ved Måløy vidaregåande skule: Fumè UB og Smak av Gourmet UB.
Kommunalt næringsfond
Kommunalt næringsfond for ungdom vart oppretta som ei prøveordning av Sogn og Fjordane fylkeskommune i 2008.
Måløy Vekst forvaltar Kommunalt næringsfond i Vågsøy på vegne av Vågsøy kommune, og vil i forvaltinga av fondet spesielt prioritere ungdomsbedrifter og prosjekt som ”koblar” skule og næringsliv.
Fantastisk potensiale
- Få andre stader i landet har like god tilgang på førsteklasses råvarer frå havet som Måløy. Dei nye ungdomsbedriftene syner begge kva for eit fantastisk potensiale som ligg i å bruke desse råvarene til å lage unike matopplevingar. Vi håpar tildelinga frå Kommunalt næringsfond for ungdom vil vere ein inspirasjon for vidare satsing for ungdommane som står bak bedriftene, og at endå fleire vil bli inspirert til å starte eiga bedrift, seier dagleg leiar i Måløy Vekst Alfred Bjørlo.
Les meir på nettsida til Fjordenes Tidende...
Rapporten «Ungdomsbedrift og entreprenørskap» konkluderer med at dei som har drive ungdomsbedrift i skulen, oftare enn andre, startar opp eigne bedrifter seinare.
Firda vidaregåande arrangerte filmfestival ei heile veke i november. Skuleelevane har det fulle ansvar, noko som gir nyttig lærdom for framtida.
Eit spleiselag frå ulike skular i Nordfjord gjekk til topps i Enova gründercampen "Energi for framtida".
Firda og Firdaposten har samarbeidd om næringslivsavisa som over nesten 50 sider skriv om leiarar, entreprenørar, gründerar og innvandrarar i fjordfylket. Den elektroniske avisa er lett tilgjengeleg på nettet.
| Copyright 2008 CoreTrek | Red. Oddrun Midtbø design by |