DRIFTIG.NO er for deg som vil;
- lære entreprenørskap
- starte bedrift
- drive bedrift
... i Sogn og Fjordane.
Les aktuelle bloggarar...

Fokus på fagdagen var etablering av bedrift og elevane lærte om ulike sider ved bedriftsetablering, fortel Eivind Husabø i Ungt Entreprenørskap i Sogn og Fjordane.
Praktiske øvingar
Han er takknemleg for mentorane frå Sparebanken Sogn og Fjordane, Fjaler Sparebank, Fjaler Næringsutvikling og Hyllestad Næringsutvikling, som stilte opp og brukte ein heil arbeidsdag på elevane. Elevane fekk slik lære mykje om ulike sider ved det å etablere ei bedrift gjennom praktiske og elevaktive øvingar.
Idemyldring
Det pågår for tida mykje planlegging og idemyldring rundt på skulane. Kva forretningside skal vi satse på? Korleis etablere ungdomsbedrift? Korleis registrerer vi oss? Mange av desse spørsmåla får du svar på ved å gå inn på nettsida til UE Sfj.
Rapporten «Ungdomsbedrift og entreprenørskap» konkluderer med at dei som har drive ungdomsbedrift i skulen, oftare enn andre, startar opp eigne bedrifter seinare.
Firda vidaregåande arrangerte filmfestival ei heile veke i november. Skuleelevane har det fulle ansvar, noko som gir nyttig lærdom for framtida.
Eit spleiselag frå ulike skular i Nordfjord gjekk til topps i Enova gründercampen "Energi for framtida".
Firda og Firdaposten har samarbeidd om næringslivsavisa som over nesten 50 sider skriv om leiarar, entreprenørar, gründerar og innvandrarar i fjordfylket. Den elektroniske avisa er lett tilgjengeleg på nettet.
| Copyright 2008 CoreTrek | Red. Oddrun Midtbø design by |