DRIFTIG.NO  er  for deg som vil;

    -  lære entreprenørskap
    -  starte bedrift
    -  drive bedrift

  ... i Sogn og Fjordane.   

 

 Les meir...

Søk

Verktøylinje

Blogg

Les aktuelle bloggarar...

Besøke blogg

Du er her:

Vann beste marknadsplan

Det kom inn 11 framlegg til marknadsføringsplan for nettstaden Driftig.no i elevkonkurransen. Det var desse tre som stakk av med førstepremien, 6000 kroner. Pengane skal gå til klassetur.

Leiar av Programstyret for Entreprenørskap og Nyskaping delte ut prisen på 6000 kroner til elevar frå Mo og Jølster vidaregåande skule. F.v. Knut M. Olsen, Erlend Sekkelsten, Marte Wergeland Solemdal.

Det var elevar frå Mo og Jølster vidaregåande skule som dominerte konkurransen, der det også deltok elevar frå Øyrane vgs og Sogndal vgs.

Medieelevar dominerte

Andreplassen gjekk til Trude Heggheim Nilsen, Ragnhild Bjørvik Fugle og Ingrid Vågane Helle, Mo og Jølster vgs. og tredjeplassen tok Linda Hjelle og Marte Øen Mettenes, alle medieelevar ved skulen på Vassenden.

- Fantastisk, ropte elevane, som samlar pengane til ein klassetur. Kanskje går turen til Marokko.

Les presseomtale av konkurransevinnarane på firda.no

Gå til Driftig i Sogn og Fjordane på facebook. Der ligg det over 70 bilde frå dagen i Førdehuset.

Verktøylinje

  • Nettby
  • Origo
  • LinkedIn
  • - UB-erfaring til nytte seinare i livet
    - UB-erfaring til nytte seinare i livet

    Rapporten «Ungdomsbedrift og entreprenørskap» konkluderer med at dei som har drive ungdomsbedrift i skulen, oftare enn andre, startar opp eigne bedrifter seinare.

  • Filmfestival der ungdomane er sjefane
    Filmfestival der ungdomane er sjefane

    Firda vidaregåande arrangerte filmfestival ei heile veke i november. Skuleelevane har det fulle ansvar, noko som gir nyttig lærdom for framtida.

  • Nordfjordingar vann Enova

    Eit spleiselag frå ulike skular i Nordfjord gjekk til topps i Enova gründercampen "Energi for framtida".

  • Avissamarbeid vart elektronisk magasin om næringsliv
    Avissamarbeid vart elektronisk magasin om næringsliv
    Avissamarbeid vart elektronisk magasin om næringsliv

    Firda og Firdaposten har samarbeidd om næringslivsavisa som over nesten 50 sider skriv om leiarar, entreprenørar, gründerar og innvandrarar i fjordfylket. Den elektroniske avisa er lett tilgjengeleg på nettet.

    1 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | 7 | 8 | 9 | 10 | 11     Neste »
Viser fra 1 til 4 av totalt 120 artikler
Copyright 2008 CoreTrek Red. Oddrun Midtbø                                                                                design by