DRIFTIG.NO  er  for deg som vil;

    -  lære entreprenørskap
    -  starte bedrift
    -  drive bedrift

  ... i Sogn og Fjordane.   

 

 Les meir...

Søk

Verktøylinje

Blogg

Les aktuelle bloggarar...

Besøke blogg

Du er her:

Ver kreative i undervisninga

- Det er ikkje kva, men korleis elevane lærer entreprenørskap og nyskaping som er viktig.

Petter Lexander har stor tru på prinsippa i Ungt Entreprenørskap. Foto: Anne-Mette HjelleDet sa høgskulelektor Petter Lexander til dei omlag 50 lærarane og rådgjevarane som var samla på entreprenørskapsdag på Skei 9. september.

Beste råd

Hans beste råd var å bruke kreativiteten i undervisninga til å tenke nye tankar om visjon og mål og slik få nye idear.

Verste felle

Lærarar frå Sogn og Fjordane som underviser ungdom i Ungt Entreprenørskap. Foto: Anne-Mette Hjelle- Den verste fella desse lærarane kan gå i er å gje kjappe svar. Kravet til effektivitet er ein trussel mot kreativitet.

Elevane må innom mange idear, drøfte dei før dei finn endelege svara. Då får dei i tillegg mykje verdifullt på vegen, seier Lexander. Han meiner elevane som får delta i Ungt Entreprenørskap er svært heldige.

Flott med UE

- Dei får ein ekstra kompetanse i nært samarbeid med kvarandre og med andre utanfor skulen. Det er flott! seier mannen som til dagleg underviser ved Høgskulen i Hedmark.

Last ned foredraga om Kreativitet og om Den skapande institusjonen.

Verktøylinje

  • Nettby
  • Origo
  • LinkedIn
  • - UB-erfaring til nytte seinare i livet
    - UB-erfaring til nytte seinare i livet

    Rapporten «Ungdomsbedrift og entreprenørskap» konkluderer med at dei som har drive ungdomsbedrift i skulen, oftare enn andre, startar opp eigne bedrifter seinare.

  • Filmfestival der ungdomane er sjefane
    Filmfestival der ungdomane er sjefane

    Firda vidaregåande arrangerte filmfestival ei heile veke i november. Skuleelevane har det fulle ansvar, noko som gir nyttig lærdom for framtida.

  • Nordfjordingar vann Enova

    Eit spleiselag frå ulike skular i Nordfjord gjekk til topps i Enova gründercampen "Energi for framtida".

  • Avissamarbeid vart elektronisk magasin om næringsliv
    Avissamarbeid vart elektronisk magasin om næringsliv
    Avissamarbeid vart elektronisk magasin om næringsliv

    Firda og Firdaposten har samarbeidd om næringslivsavisa som over nesten 50 sider skriv om leiarar, entreprenørar, gründerar og innvandrarar i fjordfylket. Den elektroniske avisa er lett tilgjengeleg på nettet.

    1 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | 7 | 8 | 9 | 10 | 11     Neste »
Viser fra 1 til 4 av totalt 120 artikler
Copyright 2008 CoreTrek Red. Oddrun Midtbø                                                                                design by