DRIFTIG.NO  er  for deg som vil;

    -  lære entreprenørskap
    -  starte bedrift
    -  drive bedrift

  ... i Sogn og Fjordane.   

 

 Les meir...

Søk

Verktøylinje

Blogg

Les aktuelle bloggarar...

Besøke blogg

Du er her:

Viktig kunnskap frå Sogn og Fjordane
Viktig kunnskap frå Sogn og Fjordane

Det sa fornyings- og administrasjonsminister, Heidi Grande Røys, då ho fekk overrekt forskingsrapporten som viser at Sogn og Fjordane er eit eksempel for resten av landet. Satsing på ungt entreprenørskap i skulen nyttar!

Programstyret for entreprenørskap og nyskaping, overrekte forskingsrapporten om satsinga på ungt entreprenørskap i skulen til fornyings- og administrasjonsminister, Heidi Grande Røys med bodskapen: - Sogn og Fjordane har no eit nyttig dokument som syner at vi er på rett veg. Denne bør regjeringa kunne bruke aktivt.

Godt kjent

Heidi Grande Røys kvitterte med å fortelle at arbeidet i Sogn og Fjordane allereie er godt kjent blant kunnskapsministrane, men at rapporten bringer viktig fakta fram og gir såleis spennande og nyttig kunnskap for arbeidet vidare. Ho berømma det store partnarskapet i Sogn og Fjordane og trakk fram særleg NHO Sogn og Fjordane som ein viktig medspelar.

På linje med regjeringa

Same dag som forskarane sette punktum i rapporten, kom regjeringa med ”Handlingsplan for entreprenørskap i utdanninga”. - Av dei 14 tiltaka regjeringa peiker på som viktige framover, er sju av tiltaka høgaktuelle for fjordfylket, som dermed står sterkt i kampen om midlane. 

Vil du lese rapporten, som byggjer på intervju med 1226 elevar, lærarar og skuleeigarar i grunnskulen og vidaregåande opplæring i fylket? Last ned "Entreprenørskap på høygir".

Les meir frå lanseringa av rapporten. på Øyrane vidaregåande skule.

 

Verktøylinje

  • Nettby
  • Origo
  • LinkedIn
  • - UB-erfaring til nytte seinare i livet
    - UB-erfaring til nytte seinare i livet

    Rapporten «Ungdomsbedrift og entreprenørskap» konkluderer med at dei som har drive ungdomsbedrift i skulen, oftare enn andre, startar opp eigne bedrifter seinare.

  • Filmfestival der ungdomane er sjefane
    Filmfestival der ungdomane er sjefane

    Firda vidaregåande arrangerte filmfestival ei heile veke i november. Skuleelevane har det fulle ansvar, noko som gir nyttig lærdom for framtida.

  • Nordfjordingar vann Enova

    Eit spleiselag frå ulike skular i Nordfjord gjekk til topps i Enova gründercampen "Energi for framtida".

  • Avissamarbeid vart elektronisk magasin om næringsliv
    Avissamarbeid vart elektronisk magasin om næringsliv
    Avissamarbeid vart elektronisk magasin om næringsliv

    Firda og Firdaposten har samarbeidd om næringslivsavisa som over nesten 50 sider skriv om leiarar, entreprenørar, gründerar og innvandrarar i fjordfylket. Den elektroniske avisa er lett tilgjengeleg på nettet.

    1 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | 7 | 8 | 9 | 10 | 11     Neste »
Viser fra 1 til 4 av totalt 120 artikler
Copyright 2008 CoreTrek Red. Oddrun Midtbø                                                                                design by