DRIFTIG.NO er for deg som vil;
- lære entreprenørskap
- starte bedrift
- drive bedrift
... i Sogn og Fjordane.
Les aktuelle bloggarar...
"Førdefestivalen er den største internasjonale folkemusikkfestivalen i Skandinavia og ein av knutepunkt-festivalane i Norge. Festivalen har kjempa seg gjennom medgang og motgang, barne-sjukdommar og skot for baugen til den no står fram som ein godt moden 20-åring. No får denne fargeklatten av ein festival si eiga bok, skriv Skald forlag i ei pressemelding.
Møt masaiar i Førde
"Du treng ikkje å reise til masaiane i Afrika for å oppleve ei natt du aldri vil gløyme. Du kan reise til Førde. Festivalen føregår ikkje berre i mørke konsertsalar med semiformell kleskodeks og stive likjefingrar; den skjer i gamle sperrestover og midt i rabarbraskogen til Nikolai Astrup. Den skjer i og rundt gatene.
Forfattarane har også reist motsett veg, og besøkt nokre av artistane i heimlanda deira, i Afrika og Sibir. Desse og mange andre forteljingar kan du lese i boka om Førdefestivalen. Fleire forfattarar og fotografar har bidrege: Olaug Nilssen, Katrine Sele, Thomas Espedal, Oddleiv Apneseth og Knut Utler.
Det kjem nok ikkje som eit sjokk på nokon, men kommunane har ei viktig rolle i utvikling av reiselivet. Det er avgjerande for suksess at ein er klar over kva roller dei ulike partane har. Les, få tips og idear til grep som kan gjerast, i rapporten Distriktssenteret lanserte i sommar.
Frilansarane Marit Bendz og Heidi Hattestein har i mange år følgt tett på Førdefestivalen. Det blir det fargerik og stemningsfull festivalbok av. Lansering 6.juli.
Sunnfjordingar lanserer operacruise for å lokke amerikanske turistar til Norge.
Innovasjon Norge tilbyr mange ulike typar kurs, både når det gjeld innhald og lengde.
Lapoint Surfcamp starta sesongen med fullt hus i påska 2010. Dei utviklar bedrifta med nye aktivitetar.
| Copyright 2008 CoreTrek | Red. Oddrun Midtbø design by |