DRIFTIG.NO  er  for deg som vil;

    -  lære entreprenørskap
    -  starte bedrift
    -  drive bedrift

  ... i Sogn og Fjordane.   

 

 Les meir...

Søk

Verktøylinje

Blogg

Les aktuelle bloggarar...

Besøke blogg

Du er her:

Bedrifter som tek samfunnsansvar

Bedrifter gjer smart i å bruke tid og krefter på samfunnsansvar. Innovasjon Norge meiner dei er framtidas næringsliv, og vil no vektleggje samfunnsansvar i sakshandsaming.

”Samfunnsansvar vart tidlegare gjerne knytt til miljøureining frå bedrifter. Omgrepet samfunnsansvar blir oftare nemnd i positiv form i media. I løpet av få har bedrifter snudd om på profilen sin, og står no fram som samfunnsbyggjarar, skriv Innovasjon Norge i ei pressemelding.

Meir aktive og engasjerte forbrukarar

– Forbrukarane blir stadig meir aktive og engasjerte. Bedrifter som tek samfunnsansvar er framtidas næringsliv, seier Sjur Sekse i Innovasjon Norge.

Lerum har vore Sogndal Fotball sin trufaste samarbeidspartnar sidan syttitalet, og vart i 1981 hovudsponsor. I 2008 fekk Sogndal Fotball ein ny hovedsamarbeidspartnar, Sparebanken Vest, i tillegg til Lerum.

Samfunnsansvar får spesiell merksemd

Innovasjon Norge har valt å gje områda menneskerettar, arbeidstilhøve, miljø, lokalsamfunn, korrupsjon og leverandørkjeder spesiell merksemd. Det er ein føresetnad innanfor alle desse områda at bedrifter følgjer lover og reguleringar i land dei opererer i.

Forventar ansvarleg drift

- I Innovasjon Norge forventar vi at bedrifter tek ansvar for korleis dei påverkar menneske, samfunn og miljø. Gjennom innovasjon og ansvarleg drift skal næringslivet medverke til å løyse vår tids samfunns- og miljøutfordringar, seier Sjur Sekse.
Samfunnsansvar og omdømmebygging
- I staden for å sjå på samfunnsansvar som ei byrde for bedriftene, ser vi at mange nyttar samfunnsansvar aktivt i omdømebygginga si, og lukkast godt. Lerum er eit godt døme på ei bedrift som tek ansvar for lokalsamfunnet i Sogn, seier Sekse.

Pilot innan samfunnsansvar

Innovasjon Norge skal starte opp eit pilotprosjekt i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal innan samfunnsansvar til hausten, og vil snart starte rekrutteringa av bedrifter. Åtte bedrifter skal rekrutterast til kurset, som skal gå over eit halvt år.
- Mange bedrifter i fylket arbeider godt med samfunnsansvar. Vi trur andre bedrifter har mykje å lære av desse, seier Sekse.

Kontaktperson:
Sjur Sekse, Innovasjon Norge Sogn og Fjordane
Mob: 90 07 44 46

 

Verktøylinje

  • Nettby
  • Origo
  • LinkedIn
  • Førdefestival blir bok

    Frilansarane Marit Bendz og Heidi Hattestein har i mange år følgt tett på Førdefestivalen. Det blir det fargerik og stemningsfull festivalbok av. Lansering 6.juli.

  • IN-direktør ønskjer fornying og refleksjon
    IN-direktør ønskjer fornying og refleksjon

    Halvor Flatland, direktør i Innovasjon Norge, stiller i denne artikkelen spørsmål om dei har landa i ei grøft der dei ikkje klarer å fornye seg.

  • Knutholmen satsar på fisk & reiseliv
    Knutholmen satsar på fisk & reiseliv

    Bedrifter innanfor fisk og turisme på Vestlandet satsar på samarbeid og utvikling av nettverk for å gjere seg sterkare og meir synlege.

  • Designbruk auka  omsetnad i bedrifter
    Designbruk auka  omsetnad i bedrifter

    – Konkurranseevna er styrka etter at vi satsa på design i produktutviklinga, seier Jonny Bjørnset, administrerande direktør ved Vestnes Produkt og Vestnes Innredning.

    1 | 2 | 3 | 4     Neste »
Viser fra 1 til 4 av totalt 16 artikler
Copyright 2008 CoreTrek Red. Oddrun Midtbø                                                                                design by