DRIFTIG.NO  er  for deg som vil;

    -  lære entreprenørskap
    -  starte bedrift
    -  drive bedrift

  ... i Sogn og Fjordane.   

 

 Les meir...

Søk

Verktøylinje

Blogg

Les aktuelle bloggarar...

Besøke blogg

Du er her:

IN-direktør ønskjer fornying og refleksjon
IN-direktør ønskjer fornying og refleksjon

Halvor Flatland, direktør i Innovasjon Norge, stiller i denne artikkelen spørsmål om dei har landa i ei grøft der dei ikkje klarer å fornye seg.

"I ein travel kvardag er Innovasjon Norge med å bidra til val om viktige satsingar i Sogn og Fjordane.  Eg stiller spørsmål ved om vi klarer å fornye oss tilstrekkeleg eller har vi for lett for å vidareføre eksisterande satsingar – business as usual?

Vanetenking og innovasjon

I ein artikkel om vanetenking og innovasjon skrive av Ragnhild Wiik (IRIS i Stavanger) gir grunn til refleksjon “Bak tilsynelatende rasjonelle valg av områder å satse næringsutvikling på, fins en vanetenkning som er historisk fundert og basert på en gruppes felles "logikk". Forskere kaller det "dominant logikk"”.  Det er grunn til å reise spørsmål om i kva grad slike mekanismar er tilstades i Sogn og Fjordane? 

Kven blir invitert inn på arenaen?

”Dominant logikk” eller ”vanetenking” representerer etablerte, ofte ubeviste tenkemåtar som fungerer som eit informasjonsfilter eller fortolkingsfilter for strategiske val. Fordi dei er ubeviste vert dei ikkje utfordra, det vert heller ikkje stilt spørsmål eller opna opp for drøfting. Og viss ein drøftar;  kven deltar og påverkar vala? Kven er aktørane? Kven vert invitert? Kven møter? Kven uttaler seg? Har vi skapt eit innovativt miljø som ønskjer nye tankar og aktørar velkomme – eller vidarefører vi for lett eksisterande satsingar støtta av dominerande aktørar?

Sjå næringane i nye perspektiv

I samband med prosjektet Eit kunnskapsbasert Sogn og Fjordane forsøker vi å sjå næringane våre med nye perspektiv.  Prosjektet skal bidra til langsiktig økonomisk vekst i Sogn og Fjordane og skal sette kunnskap i sentrum for næringsutvikling. Tanken er at kunnskap vert utvikla, spreidd og omdanna til produkt—og tenesteinnovasjon som kan kommersialiserast og internasjonaliserast, og til endra prosessar, organisasjonsformer og forretningsmodellar. 

Analyse og seminar

Basert på analyse av tilgjengelege bedriftsdata og drøfting i opne seminar har prosjektet forsøkt å legge til rette for ein ny måte å velje ut satsingsområde på, men likevel kjem vi tilbake til dei eksisterande næringsområda. Representerer dei områda der vi har ei framtid eller ei historie, eller begge deler? At ei satsing av logiske grunnar er vidareført treng ikkje bety at det er sant eller smart, bare at det er følgje riktig.  Er det område som ikkje har fått innpass fordi vi ikkje har ei historie på området, men som burde vere der - går vi glipp av nye innovasjonar, innovative idear, innovative bedriftsetableringar…

På tide å reflektere over vedtekne sanningar!

Eg trur det er på tide å stoppa opp og reflektere over ”vedtekne” sanningar og utviklingsstiar.  Er det på grunn av vanetenking at næringar vert med vidare i prosessen, eller er det dei næringane vi skal leve av i framtida og som gir innovative bedrifter i bygdene våre?"

Verktøylinje

  • Nettby
  • Origo
  • LinkedIn
  • Førdefestival blir bok

    Frilansarane Marit Bendz og Heidi Hattestein har i mange år følgt tett på Førdefestivalen. Det blir det fargerik og stemningsfull festivalbok av. Lansering 6.juli.

  • IN-direktør ønskjer fornying og refleksjon
    IN-direktør ønskjer fornying og refleksjon

    Halvor Flatland, direktør i Innovasjon Norge, stiller i denne artikkelen spørsmål om dei har landa i ei grøft der dei ikkje klarer å fornye seg.

  • Knutholmen satsar på fisk & reiseliv
    Knutholmen satsar på fisk & reiseliv

    Bedrifter innanfor fisk og turisme på Vestlandet satsar på samarbeid og utvikling av nettverk for å gjere seg sterkare og meir synlege.

  • Designbruk auka  omsetnad i bedrifter
    Designbruk auka  omsetnad i bedrifter

    – Konkurranseevna er styrka etter at vi satsa på design i produktutviklinga, seier Jonny Bjørnset, administrerande direktør ved Vestnes Produkt og Vestnes Innredning.

    1 | 2 | 3 | 4     Neste »
Viser fra 1 til 4 av totalt 16 artikler
Copyright 2008 CoreTrek Red. Oddrun Midtbø                                                                                design by