DRIFTIG.NO er for deg som vil;
- lære entreprenørskap
- starte bedrift
- drive bedrift
... i Sogn og Fjordane.
Les aktuelle bloggarar...

Bedriftsundersøkinga som Næringsbarometeret gjennomførte i april, viste at 40 prosent av bedriftene nytta finanskrisa til å auke kompetansen og å orientere seg mot nye marknadar.
Dette kom fram i Næringsbarometeret for Hordaland og Sogn og Fjordane, som vart lagt fram 26. mai 2009.
Produktutvikling og FOU
Nesten kvar tredje bedrift hadde auka fokuset på produktutvikling og FOU (forsking og utdanning). Fleire studiar viser at dei bedriftene som brukar nedgangstider til å skaffe seg eit forsprang teknologisk og kompetansemessig, ofte oppnår stor suksess når marknaden snur. Det er derfor trygt å få dokumentert at næringslivet på Vestlandet satsar langsiktig, står det i pressemeldinga frå aktørane bak Næringsbarometeret. Sjå Vestlandsrevyen..
Situasjonen kraftig endra
I løpet av 2009 endra situasjonen for store delar av næringslivet på Vestlandet seg kraftig. I oktober i fjor var hovudbiletet som næringslivet teikna i stor grad positivt, og dei fleste såg for seg at veksten skulle halde fram i 2009, om enn med noko lågare styrke.
Det biletet som næringslivet no teikna, var mindre optimistisk. Med unntak av tenesteyting, vart det venta nedgang innan alle næringane. Konkurransen hardnar til og salsprisane vart stadig meir pressa. Hardast råka var bygg og anlegg og industrien.
Sogn og Fjordane meir optimistisk enn HordalandNæringslivet i Sogn og Fjordane var i fjor meir optimistiske enn i Hordaland når det gjalt utviklinga i sysselsetjinga. Ein fjerdedel av verksemdene ville auke talet på tilsette, mens to av tre bedrifter venta stabil sysselsetjing.
Færre mangla arbeidskraft
Sjølv om rekrutteringsproblema var kraftig redusert sidan våren 2008, var det framleis delar av næringslivet som sleit med å skaffe kompetent arbeidskraft. Kvar tredje bedrift innan verkstadindustri og bygg og anlegg meldte om at dei har ubesette stillingar som følgje av mangel på arbeidskraft.
Kraftig nedgang i investeringane
Utsiktar til lågare etterspurnad og svekka lønsemd, kombinert med vanskeleg tilgang på kapital, fører til lågare investeringar. Over 30 prosent av bedriftene svarte at dei har utsett planlagde investeringar som følgje av finanskrisa. Prosentdelen var særleg høg i oppdrettsnæringa og innan mekanisk industri.
Kontaktpersonar:
Frilansarane Marit Bendz og Heidi Hattestein har i mange år følgt tett på Førdefestivalen. Det blir det fargerik og stemningsfull festivalbok av. Lansering 6.juli.
Halvor Flatland, direktør i Innovasjon Norge, stiller i denne artikkelen spørsmål om dei har landa i ei grøft der dei ikkje klarer å fornye seg.
Bedrifter innanfor fisk og turisme på Vestlandet satsar på samarbeid og utvikling av nettverk for å gjere seg sterkare og meir synlege.
– Konkurranseevna er styrka etter at vi satsa på design i produktutviklinga, seier Jonny Bjørnset, administrerande direktør ved Vestnes Produkt og Vestnes Innredning.
| Copyright 2008 CoreTrek | Red. Oddrun Midtbø design by |