DRIFTIG.NO er for deg som vil;
- lære entreprenørskap
- starte bedrift
- drive bedrift
... i Sogn og Fjordane.
Les aktuelle bloggarar...
Den fargerike skiltinga i Storehagen Atrium har fått dekning i både norske og utanlandske media siste tida.
Ralston & Bau er ein del av Transplant/Design Centre, ein kreativ møteplass med sete i Dale i Sunnfjord.
Ny bruk av gamal metode
Skiltinga i bygninga der mellom anna deler av Sogn og Fjordane fylkeskommune held til, nyttar ein T-baneanalogi. Utforminga på skilta har store likskapar med måten dei ulike rutene i eit T-banenettverk er gjort. I Noreg har dette mellom blitt omtala i designseksjonen til Dagbladet i sundagsnummeret den 7. november. I bygninga har kvar etasje sin eigen farge. Etasjen til fylkeskommunen er merka med oransje.
Når ut til mange i internasjonalt miljø
Nyleg fekk òg skiltinga merksemd i det utanlandske designmagasinet Fast Company’s Co. Design, eit magasin med fire millionar treff per månad. Fast Company’s Co. Design skryt over fargemerkinga som oppfyller krav til universell utforming, ved at fargane er distinkte nok til at fargeblinde skal kunne sjå forskjell mellom dei.
"A government building you want to get lost in. But can´t", skriv dei på frontsida.
Frilansarane Marit Bendz og Heidi Hattestein har i mange år følgt tett på Førdefestivalen. Det blir det fargerik og stemningsfull festivalbok av. Lansering 6.juli.
Halvor Flatland, direktør i Innovasjon Norge, stiller i denne artikkelen spørsmål om dei har landa i ei grøft der dei ikkje klarer å fornye seg.
Bedrifter innanfor fisk og turisme på Vestlandet satsar på samarbeid og utvikling av nettverk for å gjere seg sterkare og meir synlege.
– Konkurranseevna er styrka etter at vi satsa på design i produktutviklinga, seier Jonny Bjørnset, administrerande direktør ved Vestnes Produkt og Vestnes Innredning.
| Copyright 2008 CoreTrek | Red. Oddrun Midtbø design by |