Driftig.no   eit gründersenter på nett for deg som vil lære, skape eller drive bedrift i Sogn og Fjordane. 
 

     Meir om driftig.no...   

Søk

Verktøylinje

Blogg

Les aktuelle bloggarar...

Besøke blogg

Du er her:

  • - Kva gjer vi FØR oljen tek slutt?

    Direktør Halvor Flatland i Innovasjon Norge SF, inviterer folk i fylket til ein brei debatt om kva vi må gjere FØR oljen tek slutt. Ta opp hansken og delta i debatten.

    ”Eg meiner vi må utvikle regionale og nasjonale næringsmiljø i toppklasse for så å knyte dei opp i internasjonale verdikjedar”, skriv direktør i Innovasjon Norge SF, Halvor Flatland, i innlegget på nettsidene. ”Det vil gje enkeltbedrifter auka mulegheiter for samarbeid og styrke dei enten dei går ut til nye marknader eller møter internasjonal konkurranse her heime.

     

    Innovasjon i garasje eller laboratorium

    Den gryande næringsklynga innan fornybar energi i Måløy er eksempel på akkurat dette. Prosjektet ’Eit kunnskapsbasert Sogn og Fjordane’ med mellom andre BI og Vestlandsforsking, er eit prosjekt som kan bidra med verdifull kunnskap på dette området for vårt fylke.
    For å kunne skape innovasjon må vi våge å tenkje ope, fordomsfritt og i breidda. Innovasjon føregår like godt i tradisjonelle bransjar og verksemder som i nye og teknologibaserte. Dei kan kome frå ein garasje i Jostedalen like gjerne som frå eit laboratorium i Trondheim.

    Inviterer til brei debatt

    Tenesteytande næringar er vel så viktige kjeder til nytenking som dei produksjonsorienterte. – Og kanskje er det i skjeringspunkta mellom alle desse det mest spennande skjer.

    Ein god debatt gjev gode løysingar. Difor er det verdifullt at forskarar eller Abelia føreslår tiltak dei meiner kan bidra til meir innovasjon. Difor vil vi også gjerne høyre kva andre organisasjonar meiner, kva leiarane i dei nyskapande bedriftene meiner, og kva politikkarane legg vekt på. Eit meir innovativt og vitalt næringsliv krev innsats både frå næringslivet og frå ei lang rekke institusjonar og organisasjonar. Eit godt fagleg ordskifte er difor nødvendig om vi skal få gjort dei rette prioriteringane.”


    Er det nokon som tek opp hansken direktøren kastar ut?

    Les meir og delta i debatten på Innovasjon Norge si Facebook-gruppe

    (Denne artikkelen er ikkje den fullstendige teksten. Den finn du på innlegget på Innovasjon Norge sine sider.)

Verktøylinje

  • Nettby
  • Origo
  • LinkedIn
  • Halvparten av studentane vil bli gründerar
    Halvparten av studentane vil bli gründerar

    - Å drive med noko vi brenn for, er hovudmotivasjonen for studentar som ønskjer å bli gründerar. Berre 20 prosent veit kor dei kan søkje om finansiering, syner ei undersøking Innovasjon Norge og Forskingsrådet har utført.

  • Kven får pengar frå Innovasjon Norge?
    Kven får pengar frå Innovasjon Norge?

    Lurer du på kven som får støtte - og kor mykje - frå Innovasjon Norge i Sogn og Fjordane? Her får du svar.

  • - Full speed for innovasjon i Høyanger!
    - Full speed for innovasjon i Høyanger!

    - Høyanger må vere den beste kommunen å etablere seg i. Lovorda kjem frå Frode Steen i Tracksa AS. Han etablerte seg for fem år sidan og er ein del av "Det nye Høyanger".

  • Gründer av Nærleiken - ingen A4-jobb!
    Gründer av Nærleiken - ingen A4-jobb!

    - Nærleiken er eit verdival. Det seier Gro Rukan som i fjor starta Nærleiken i Eikefjord - kaffibar, slipsmuseum og sjelevarmar. Fanesaka er distriktspolitikk i eit globalt perspektiv, men satsinga er ingen A4-jobb for gründaren.

« Forrige     1 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | 7 | 8 | 9 | 10     Neste »
Viser fra 29 til 32 av totalt 39 artikler
Copyright 2008 CoreTrek Red. Oddrun Midtbø                                                                                design by