Driftig.no   eit gründersenter på nett for deg som vil lære, skape eller drive bedrift i Sogn og Fjordane. 
 

     Meir om driftig.no...   

Søk

Verktøylinje

Blogg

Les aktuelle bloggarar...

Besøke blogg

Du er her:

  • - Kva gjer vi FØR oljen tek slutt?

    Direktør Halvor Flatland i Innovasjon Norge SF, inviterer folk i fylket til ein brei debatt om kva vi må gjere FØR oljen tek slutt. Ta opp hansken og delta i debatten.

    ”Eg meiner vi må utvikle regionale og nasjonale næringsmiljø i toppklasse for så å knyte dei opp i internasjonale verdikjedar”, skriv direktør i Innovasjon Norge SF, Halvor Flatland, i innlegget på nettsidene. ”Det vil gje enkeltbedrifter auka mulegheiter for samarbeid og styrke dei enten dei går ut til nye marknader eller møter internasjonal konkurranse her heime.

     

    Innovasjon i garasje eller laboratorium

    Den gryande næringsklynga innan fornybar energi i Måløy er eksempel på akkurat dette. Prosjektet ’Eit kunnskapsbasert Sogn og Fjordane’ med mellom andre BI og Vestlandsforsking, er eit prosjekt som kan bidra med verdifull kunnskap på dette området for vårt fylke.
    For å kunne skape innovasjon må vi våge å tenkje ope, fordomsfritt og i breidda. Innovasjon føregår like godt i tradisjonelle bransjar og verksemder som i nye og teknologibaserte. Dei kan kome frå ein garasje i Jostedalen like gjerne som frå eit laboratorium i Trondheim.

    Inviterer til brei debatt

    Tenesteytande næringar er vel så viktige kjeder til nytenking som dei produksjonsorienterte. – Og kanskje er det i skjeringspunkta mellom alle desse det mest spennande skjer.

    Ein god debatt gjev gode løysingar. Difor er det verdifullt at forskarar eller Abelia føreslår tiltak dei meiner kan bidra til meir innovasjon. Difor vil vi også gjerne høyre kva andre organisasjonar meiner, kva leiarane i dei nyskapande bedriftene meiner, og kva politikkarane legg vekt på. Eit meir innovativt og vitalt næringsliv krev innsats både frå næringslivet og frå ei lang rekke institusjonar og organisasjonar. Eit godt fagleg ordskifte er difor nødvendig om vi skal få gjort dei rette prioriteringane.”


    Er det nokon som tek opp hansken direktøren kastar ut?

    Les meir og delta i debatten på Innovasjon Norge si Facebook-gruppe

    (Denne artikkelen er ikkje den fullstendige teksten. Den finn du på innlegget på Innovasjon Norge sine sider.)

Verktøylinje

  • Nettby
  • Origo
  • LinkedIn
  • Alkymist skaper aktivitet i Jostedalen
    Alkymist skaper aktivitet i Jostedalen

    Alkymistane syner att i ulike former for etableringar i Sogn og Fjordane. For gründerane bak Jostedal Adventure Camp er det den ville naturen i Jostedalen som er plattforma.

  • Farmhouse koplar studentar og næringsliv
    Farmhouse koplar studentar og næringsliv

    Også i sommar satsar Farmhouse på Sommerbyrå. Leitinga på studentar, bedrifter og mentorar er i gang. Oppstart av prosjektet er satt til 1. juli.

  • Mest nyskapande i fylket

    Ungt gründerpar i Gulen fekk NHO sin Nyskapingsprisen.

  • Lærer småbarn å lese

    Spesialpedagog Heidi Aabrekk har funne ei nisje ho er åleine om i landet. Lære småbabyar å lese. No reiser ho landet rundt med kursa sine.

« Forrige     1 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | 7 | 8 | 9 | 10     Neste »
Viser fra 9 til 12 av totalt 39 artikler
Copyright 2008 CoreTrek Red. Oddrun Midtbø                                                                                design by