Les aktuelle bloggarar...
”Eg meiner vi må utvikle regionale og nasjonale næringsmiljø i toppklasse for så å knyte dei opp i internasjonale verdikjedar”, skriv direktør i Innovasjon Norge SF, Halvor Flatland, i innlegget på nettsidene. ”Det vil gje enkeltbedrifter auka mulegheiter for samarbeid og styrke dei enten dei går ut til nye marknader eller møter internasjonal konkurranse her heime.
Innovasjon i garasje eller laboratorium
Den gryande næringsklynga innan fornybar energi i Måløy er eksempel på akkurat dette. Prosjektet ’Eit kunnskapsbasert Sogn og Fjordane’ med mellom andre BI og Vestlandsforsking, er eit prosjekt som kan bidra med verdifull kunnskap på dette området for vårt fylke.
For å kunne skape innovasjon må vi våge å tenkje ope, fordomsfritt og i breidda. Innovasjon føregår like godt i tradisjonelle bransjar og verksemder som i nye og teknologibaserte. Dei kan kome frå ein garasje i Jostedalen like gjerne som frå eit laboratorium i Trondheim.
Inviterer til brei debatt
Tenesteytande næringar er vel så viktige kjeder til nytenking som dei produksjonsorienterte. – Og kanskje er det i skjeringspunkta mellom alle desse det mest spennande skjer.
Ein god debatt gjev gode løysingar. Difor er det verdifullt at forskarar eller Abelia føreslår tiltak dei meiner kan bidra til meir innovasjon. Difor vil vi også gjerne høyre kva andre organisasjonar meiner, kva leiarane i dei nyskapande bedriftene meiner, og kva politikkarane legg vekt på. Eit meir innovativt og vitalt næringsliv krev innsats både frå næringslivet og frå ei lang rekke institusjonar og organisasjonar. Eit godt fagleg ordskifte er difor nødvendig om vi skal få gjort dei rette prioriteringane.”
Er det nokon som tek opp hansken direktøren kastar ut?
Les meir og delta i debatten på Innovasjon Norge si Facebook-gruppe
(Denne artikkelen er ikkje den fullstendige teksten. Den finn du på innlegget på Innovasjon Norge sine sider.)
Det seier frilansjournalist Marit Bendz om samvirke som selskapsform. Ho er blant dei stadig fleire i kreative yrke som har stifta samvirkeforetak. Slik slepp du både startkapital og revisor, men får fulle trygderettar.
- Vi startar bookingselskap for at vi som musikarar skal få bruke tida på det vi eigentleg vil og kan; skape og spele musikk.
Kjetil Almenning gjekk til topps i ein internasjonal konkurranse for kordirigentar som vart arrangert i Sverige 20. oktober.
Nordfjordalliansen har gått saman om ei gründaropplæring. No er dei på leit etter folk som vil skape og starte for seg sjølv.
| Copyright 2008 CoreTrek | Red. Oddrun Midtbø design by |