Driftig.no   eit gründersenter på nett for deg som vil lære, skape eller drive bedrift i Sogn og Fjordane. 
 

     Meir om driftig.no...   

Søk

Verktøylinje

Blogg

Les aktuelle bloggarar...

Besøke blogg

Du er her:

  • - Kva gjer vi FØR oljen tek slutt?

    Direktør Halvor Flatland i Innovasjon Norge SF, inviterer folk i fylket til ein brei debatt om kva vi må gjere FØR oljen tek slutt. Ta opp hansken og delta i debatten.

    ”Eg meiner vi må utvikle regionale og nasjonale næringsmiljø i toppklasse for så å knyte dei opp i internasjonale verdikjedar”, skriv direktør i Innovasjon Norge SF, Halvor Flatland, i innlegget på nettsidene. ”Det vil gje enkeltbedrifter auka mulegheiter for samarbeid og styrke dei enten dei går ut til nye marknader eller møter internasjonal konkurranse her heime.

     

    Innovasjon i garasje eller laboratorium

    Den gryande næringsklynga innan fornybar energi i Måløy er eksempel på akkurat dette. Prosjektet ’Eit kunnskapsbasert Sogn og Fjordane’ med mellom andre BI og Vestlandsforsking, er eit prosjekt som kan bidra med verdifull kunnskap på dette området for vårt fylke.
    For å kunne skape innovasjon må vi våge å tenkje ope, fordomsfritt og i breidda. Innovasjon føregår like godt i tradisjonelle bransjar og verksemder som i nye og teknologibaserte. Dei kan kome frå ein garasje i Jostedalen like gjerne som frå eit laboratorium i Trondheim.

    Inviterer til brei debatt

    Tenesteytande næringar er vel så viktige kjeder til nytenking som dei produksjonsorienterte. – Og kanskje er det i skjeringspunkta mellom alle desse det mest spennande skjer.

    Ein god debatt gjev gode løysingar. Difor er det verdifullt at forskarar eller Abelia føreslår tiltak dei meiner kan bidra til meir innovasjon. Difor vil vi også gjerne høyre kva andre organisasjonar meiner, kva leiarane i dei nyskapande bedriftene meiner, og kva politikkarane legg vekt på. Eit meir innovativt og vitalt næringsliv krev innsats både frå næringslivet og frå ei lang rekke institusjonar og organisasjonar. Eit godt fagleg ordskifte er difor nødvendig om vi skal få gjort dei rette prioriteringane.”


    Er det nokon som tek opp hansken direktøren kastar ut?

    Les meir og delta i debatten på Innovasjon Norge si Facebook-gruppe

    (Denne artikkelen er ikkje den fullstendige teksten. Den finn du på innlegget på Innovasjon Norge sine sider.)

Verktøylinje

  • Nettby
  • Origo
  • LinkedIn
  • Farmhouse hjelper afrikanske gründarar
    Farmhouse hjelper afrikanske gründarar

    Designbyrået Farmhouse i Stryn har inngått avtale om å hjelpe gründarar frå Aust-Afrika med design, merkevarebygging og entreprenørskap.

  • Surfesatsing gav Gründerpris
    Surfesatsing gav Gründerpris

    30.000 kroner og mykje heider for godt arbeid. Gründerprisen for ungdom i 2008 i Sogn og Fjordane gjekk til Jarand Fretheim, som har satsa på eiga bedrift på Stad.

  • 12 mill. til næringsutvikling
    12 mill. til næringsutvikling

    No har kommunane ingen unnskyldning. Fylkeskommunen sitt hovudutval for plan og næring har løyvd 12,4 mill. kr. til kommunale næringsfond i Sogn og Fjordane. Det blir stilt krav om å møte etablerarar på ein god måte.

  • - Det er viktig å "gutse"!
    - Det er viktig å "gutse"!

    - Vi må fjerne oss frå det A4. Det er berre "daud fisk" som følgjer straumen. Det var bodskapen til Mariann Thomassen i Surferosa under Jentetreff-turnéen til Sparebanken Sogn og Fjordane.

« Forrige     1 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | 7 | 8 | 9 | 10     Neste »
Viser fra 33 til 36 av totalt 39 artikler
Copyright 2008 CoreTrek Red. Oddrun Midtbø                                                                                design by