DRIFTIG.NO er for deg som vil;
- lære entreprenørskap
- starte bedrift
- drive bedrift
... i Sogn og Fjordane.
Les aktuelle bloggarar...
- Det er svært gledeleg å sjå at satsinga Sogn og Fjordane fylkeskommune har gjort for å byggje opp eit førsteklasses simulatormiljø ved Sikkerhetssenteret i Måløy, no får gjennomslag nasjonalt, seier fylkesordførar Nils R. Sandal til avisa Firda.
Stor dag for fylket og vindkraftaktørar
Sandal underteikna intensjonsavtalen saman med senterdirektør John Olav Tande ved Nowitech (Norwegian Research Centre for Offshore Wind Technology) under Vindkraftforum 2010.
Arrangementet samla rundt 250 personar frå forskingsmiljø, næringsliv og nasjonale vindkraftaktørar. Både noverande og tidlegare olje- og energiministrar, Terje Riis Johansen og Åslaug Haga, held innlegg og ga dagen tyngde.
Mest avanserte i landet
Sikkerhetssenteret i Måløy har ein av dei mest avanserte skipssimulatorane i Norge. Dei har utvikla realistiske simuleringsmiljø for fullskala vindparkar til havs. Senteret kan teste ut alle typar marine operasjonar knytt til offshore vindkraft, og er ein del av eit større miljø innafor det feltet i Måløy.
Næringsbarometeret 2009 for Hordaland og Sogn og Fjordane gir grunn til gryande optimisme.
Kristin Sandal (26) skal leie prosjektet "Huset i bygda" dei neste tre åra. Målet er å skape aktive og framtidsretta grendehus, bygdehus, samfunnshus og ungdomshus i fylket. Sogn og Fjordane Ungdomslag og Norske kulturbygg står bak prosjektet.
Dei kallar seg Vestlandets nyskapingsnettverk. Connect Vest har nyleg arrangert møte mellom gründerar og investorar i Bergen.
Breim, og Breim Bygdeutviklingslag, har fått fylkesprisen for Iderikt Bygdesamfunn 2009. Idrett og country var faktorar som sikra sigeren.
| Copyright 2008 CoreTrek | Red. Oddrun Midtbø design by |