DRIFTIG.NO er for deg som vil;
- lære entreprenørskap
- starte bedrift
- drive bedrift
... i Sogn og Fjordane.
Les aktuelle bloggarar...
- Det er svært gledeleg å sjå at satsinga Sogn og Fjordane fylkeskommune har gjort for å byggje opp eit førsteklasses simulatormiljø ved Sikkerhetssenteret i Måløy, no får gjennomslag nasjonalt, seier fylkesordførar Nils R. Sandal til avisa Firda.
Stor dag for fylket og vindkraftaktørar
Sandal underteikna intensjonsavtalen saman med senterdirektør John Olav Tande ved Nowitech (Norwegian Research Centre for Offshore Wind Technology) under Vindkraftforum 2010.
Arrangementet samla rundt 250 personar frå forskingsmiljø, næringsliv og nasjonale vindkraftaktørar. Både noverande og tidlegare olje- og energiministrar, Terje Riis Johansen og Åslaug Haga, held innlegg og ga dagen tyngde.
Mest avanserte i landet
Sikkerhetssenteret i Måløy har ein av dei mest avanserte skipssimulatorane i Norge. Dei har utvikla realistiske simuleringsmiljø for fullskala vindparkar til havs. Senteret kan teste ut alle typar marine operasjonar knytt til offshore vindkraft, og er ein del av eit større miljø innafor det feltet i Måløy.
Det er høg aktivitet langs kysten. Den maritime satsinga i Vågsøy skapar ny optimisme. Også på Lutelandet i Fjaler kan det bli 60 nye arbeidsplassar i løpet av dei neste to åra.
Eid vann kultur- og næringsprisen 2009 for stadutvikling for sitt arbeid med Opera Nordfjord, Malakoff rockefestival og VAKN prosjektet.
Etter gode erfaringar og etter ønskje frå toppleiarar i og utanfor LIFF er det no utvikla eit nytt program, LIFF TL 3.
Sparebanken Sogn og Fjordane er nok ei bedrift i fylket som er blitt sertifisert som "Miljøfyrtårn". Stadig fleire ser kor viktig det er å kunne dokumentere miljøvennleg drift.
| Copyright 2008 CoreTrek | Red. Oddrun Midtbø design by |