DRIFTIG.NO er for deg som vil;
- lære entreprenørskap
- starte bedrift
- drive bedrift
... i Sogn og Fjordane.
Les aktuelle bloggarar...
- Det er svært gledeleg å sjå at satsinga Sogn og Fjordane fylkeskommune har gjort for å byggje opp eit førsteklasses simulatormiljø ved Sikkerhetssenteret i Måløy, no får gjennomslag nasjonalt, seier fylkesordførar Nils R. Sandal til avisa Firda.
Stor dag for fylket og vindkraftaktørar
Sandal underteikna intensjonsavtalen saman med senterdirektør John Olav Tande ved Nowitech (Norwegian Research Centre for Offshore Wind Technology) under Vindkraftforum 2010.
Arrangementet samla rundt 250 personar frå forskingsmiljø, næringsliv og nasjonale vindkraftaktørar. Både noverande og tidlegare olje- og energiministrar, Terje Riis Johansen og Åslaug Haga, held innlegg og ga dagen tyngde.
Mest avanserte i landet
Sikkerhetssenteret i Måløy har ein av dei mest avanserte skipssimulatorane i Norge. Dei har utvikla realistiske simuleringsmiljø for fullskala vindparkar til havs. Senteret kan teste ut alle typar marine operasjonar knytt til offshore vindkraft, og er ein del av eit større miljø innafor det feltet i Måløy.
- Lurer du på kva slags krav som blir stilt til deg og verksemda di – innafor ulike område? No kan du få god oversikt gjennom denne nettsida som skal fungere som ein vegvisar til regelverk for verksemder.
Ei fersk omdømmeundersøking syner at eit stort fleirtal ønskjer å bu i Sogn og Fjordane.
Næringslivet i fylket har fått ei gåvepakke i fanget - om dei vil utvikle seg og bli meir lønsame. PRO2-programmet.
Finanskrisa gjorde at mange bedrifter i fylket brukte meir tid og pengar på å utvikle produkta og satse på forsking og utdanning. Det viste Næringsbarometeret, som blei lagt fram i 2009.
| Copyright 2008 CoreTrek | Red. Oddrun Midtbø design by |