DRIFTIG.NO  er  for deg som vil;

    -  lære entreprenørskap
    -  starte bedrift
    -  drive bedrift

  ... i Sogn og Fjordane.   

 

 Les meir...

Søk

Verktøylinje

Blogg

Les aktuelle bloggarar...

Besøke blogg

Siste artiklarSiste artiklar

Du er her:

Måløy - senter for havmølleparkar

Under Vindkraftforum 2010 vart det klart at eit nasjonalt senter for utvikling og utdanning innafor installasjon, drift og vedlikehald av havmølleparkar skal ha adresse Måløy.

- Det er svært gledeleg å sjå at satsinga Sogn og Fjordane fylkeskommune har gjort for å byggje opp eit førsteklasses simulatormiljø ved Sikkerhetssenteret i Måløy, no får gjennomslag nasjonalt, seier fylkesordførar Nils R. Sandal til avisa Firda.
 

Stor dag for fylket og vindkraftaktørar

Sandal underteikna intensjonsavtalen saman med senterdirektør John Olav Tande ved Nowitech (Norwegian Research Centre for Offshore Wind Technology)  under Vindkraftforum 2010.

MØLLE-TEKNOLOGI: Måløy blir senter for utvikling og testing av vindmøller til havs. Her ser ein ei skisse over korleis verdas største vindmøllepark til havs er tenkt på britisk sokkel, der Statoil er involvert. Illustrasjonsfoto Foto: Sway/Statoil

Arrangementet samla rundt 250 personar frå forskingsmiljø, næringsliv og nasjonale vindkraftaktørar. Både noverande og tidlegare olje- og energiministrar, Terje Riis Johansen og Åslaug Haga, held innlegg og ga dagen tyngde.

Mest avanserte i landet

Sikkerhetssenteret  i Måløy har ein av dei mest avanserte skipssimulatorane i Norge. Dei har utvikla realistiske simuleringsmiljø for fullskala vindparkar til havs. Senteret kan teste ut alle typar marine operasjonar knytt til offshore vindkraft, og er ein del av eit større miljø innafor det feltet i Måløy.
 

Verktøylinje

  • Nettby
  • Origo
  • LinkedIn
  • Nye tankar om visittkort

    Visittkortet er undervurdert i høve marknadsføring. Men kanskje du er på leit etter noko anna enn eit ordinært visittkort i papir?

  • Frist for sjølvmeldinga!

    Førstkomande måndag, 31.mai, er fristen for levering av sjølvmeldinga for sjølvstendig næringsdrivande.

  • Local Host-gründer fekk fram latter i USA
    Local Host-gründer fekk fram latter i USA

    Sindre Kvalheim skapte god stemning hjå det internasjonale publikumet då han snakka om prosjektet dei har i Lefdalgruvene.

  •  VideoNor satsar nasjonalt
     VideoNor satsar nasjonalt

    Det skjer spennande ting innafor bruk av ny teknologi i Måløy. VideoNor har no opp nye tenester innafor bruk av videokonferansar.

« Forrige     1 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | 7 | 8 | 9 | 10 | 11     Neste »
Viser fra 9 til 12 av totalt 44 artikler
Copyright 2008 CoreTrek Red. Oddrun Midtbø                                                                                design by