DRIFTIG.NO  er  for deg som vil;

    -  lære entreprenørskap
    -  starte bedrift
    -  drive bedrift

  ... i Sogn og Fjordane.   

 

 Les meir...

Søk

Verktøylinje

Blogg

Les aktuelle bloggarar...

Besøke blogg

Du er her:

Med naturarven som verdiskapar

Prosjektet "Mellom Fjell - Fjord og Folk" i Luster er vald ut som eitt av seks nye prosjekt i Miljøverndepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet si store satsing "Naturarven som verdiskapar".

Hovudmålsetjinga med naturarvprosjekta er auka verdiskaping i og ved naturvernområda. Det er Luster kommune i samarbeid med Breheimsenteret i Jostedalen som er ansvarleg for prosjektet "Mellom Fjell - Fjord og Folk" i Luster. Nettsida til Breheimsenteret kan vere til stor inspirasjon for andre som lurer på korleis bruke videosnuttar i marknadsføringsarbeidet.

Fylket hevdar seg på landsbasis

Med dette har Sogn og Fjordane fått heile tre av totalt 15 prosjekt på landsbasis. Det er løyvd 25 millionar kroner samla til desse 15 prosjekta i 2010. Frå tidlegare er to prosjekt i Sogn og Fjordane starta opp: "Kystarven" i HAFS-området og "Verdiskaping skjer i møtet - Nærøyfjorden".

Arv som forpliktar

Fylkesmiljøvernsjef Nils Erling Yndesdal seier seg svært nøgd med at to av ti hovudprosjekt med dette er i Sogn og Fjordane. - Vi opplever det som ei verdsetjing av den store og varierte naturarven i Sogn og Fjordane, noko som forpliktar. Det er også ei anerkjenning av planleggingsarbeidet som er gjort i Solund og Askvoll og i Verdsarvsekretariatet i Aurland, og ei stadfesting av at dei har noko som er verdt å utvikle.

 

Verktøylinje

  • Nettby
  • Origo
  • LinkedIn
  • Harald kjem til Temposeminaret
    Harald kjem til Temposeminaret

    Temposeminaret i Florø feirar ti-årsjubileum, og har mange sterke namn å lokke med.

  • Filmen om Lutelandet

    Filmen om korleis Lutelandet har teke form er no klar, og reaksjonane er positive.

  • Moods-karane vart Årets ambassadørar
    Moods-karane vart Årets ambassadørar

    Moods of Norway vart tildelt prisen Årets ambassadør på Oslo Fashion Week.

  • Kulturarbeidar? Sjå på deg sjølv som etablerar!
    Kulturarbeidar? Sjå på deg sjølv som etablerar!
    Kulturarbeidar? Sjå på deg sjølv som etablerar!

    Krister Dahlström er klassisk konsertgitarist, men også føredragshaldar der han snakkar om å drive eige føretak og entreprenørskap for kultur og næringsliv.

    1 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | 7 | 8 | 9 | 10 | 11     Neste »
Viser fra 1 til 4 av totalt 44 artikler
Copyright 2008 CoreTrek Red. Oddrun Midtbø                                                                                design by