Les aktuelle bloggarar...
Sommaren er ofte tida for utsending av falske fakturaer. Korte betalingsfristar og vikarar utan høve til å kontrollere betalingskrav, kan føre til at bedriftene kan bli lurt. Ver difor litt ekstra på vakt i sommarferien.
- Lett å bli lurt
Fordi svindlarane ofte gir inntrykk av at du alt har eit kundeforhold til bedrifta, er det lett å la seg lure. - Svindlarane gir ofte inntrykk av at du alt har eit kundeforhold til bedrifta ved å velje eit namn som er likt eller tilsvarande namn som tilbydaren, seier advokat Eirik Kollerøy i Bedriftsforbundet.
Andre teikn på at du blir forsøkt svindla er:
• Fakturaen har kort betalingsfrist
• Summane er ganske små
• Ein kjem ikkje i kontakt med firmaet korkje på telefon eller e-post
- Ikkje godta fakturaen
- Ta ein kopi av fakturaen, skriv på fakturakopien at du nektar å godta han, og send han attende til selskapet som fakturerte deg.
Det held å nekte kravet éin gong. Får du rekning frå eit inkassofirma sender du berre éin kopi av brevet der du protesterte på fakturaen. Eit krav som er protestert på kan ikkje krevjast inn via utanrettsleg inkasso. For meir info om korleis du kan løyse problemet dersom du blir utsett for dette, sjekk ut sjølvhjelpsverktøyet www.varslingslisten.no
Sjå kven Innovasjon Norge støtter økonomisk, og følg IN på Facebook.
Labvent i Gaular som vart etablert i 2008, leverer innreiingar til laboratorie. Bedrifta har fått driftstilskotet Nyvekst frå Innovasjon Norge for å dekke driftskostnader.
Du hauster det du sår. Her er sju gode råd for gründerar i ein startfase.
Skal du sende ut ei pressemelding eller tipse media om det som skjer? Her er ei oversikt over aktuelle media i Sogn og Fjordane - med e-postadresser og gode råd.
| Copyright 2008 CoreTrek | Red. Anne-Mette Hjelle design by |