DRIFTIG.NO  er  for deg som vil;

    -  lære entreprenørskap
    -  starte bedrift
    -  drive bedrift

  ... i Sogn og Fjordane.   

 

 Les meir...

Søk

Verktøylinje

Blogg

Les aktuelle bloggarar...

Besøke blogg

Du er her:

Fortener du Gründerprisen for ungdom?
Fortener du Gründerprisen for ungdom?

Kjenner du ein gründer mellom 18 og 35 år med eiga verksemd i fylket, eller er du ein gründer sjølv? Kom med forslag til kven du meiner fortener å vinne gründerprisen for ungdom 2010.

Gründerprisen for ungdom har blitt delt ut årleg sidan 2006, og skal stimulere til nyetableringar hjå ungdom i Sogn og Fjordane, og samstundes gje ei ekstra merksemd til unge og driftige gründerar.

Vinnarar

Tidlegare vinnarar er mellom anna Njål og Linn Wilberg (bilete) som står bak AskAdam AS, Jarand Fretheim bak Stadt Surfcamp og gründerane bak Moods of Norway.

Pengar & ære

Prisen er på 30.000 kroner og blir delt ut på Fylkestinget i desember.
Prisvinnaren skal vere busett og verksemda lokalisert i Sogn og Fjordane, og etableringa må ha skjedd i løpet av dei fem siste åra.

Juryen

Juryen består av representantar frå Fylkeskommunen, NHO, Fylkesmannen, Innovasjon Norge, samt ein tidlegare vinnar av Gründerprisen.

Fyller du nokre av desse punkta?

Aktuelle kandidatar vert vurdert ut frå følgjande kriterium:
• Nyetableringa skal ha eit tydeleg forretningsmessig potensiale. Det kan mellom anna vere i form av:
- arbeidsplassar
- omsetnad
- teknologisk nyskapande produkt
- kommersiell innretting av produkt
- offensiv nyskapning
- funksjon av produkt, nytteverdi og marknadspotensiale
- utnytting av nisjar både nasjonalt og internasjonalt
• Utnytting av forretningsmessig potensiale og marknadsføring
• Kompetanse hjå søkjaren (både formell og uformell kompetanse)
• Utnytting av lokale ressursar og ringverknader i lokalsamfunnet
• Fokus på marginale samfunn i fylket
• Kjønn med fokus på etablering av kvinnelege arbeidsplassar

Send forslag / søknad innan 1.november til:
Sogn og Fjordane Fylkeskommune
Næringsavdelinga
Askedalen 2
6863 LEIKANGER
eller på e-post til lisbeth.bringeboen@sfj.no

Verktøylinje

  • Nettby
  • Origo
  • LinkedIn
  • Støtte til nye og gamle entreprenørar
    Støtte til nye og gamle entreprenørar

    Sjå kven Innovasjon Norge støtter økonomisk, og følg IN på Facebook.

  • Mini-arbeidsgivar? Ver obs på løns- og trekkoppgåver
    Mini-arbeidsgivar? Ver obs på løns- og trekkoppgåver
    Mini-arbeidsgivar? Ver obs på løns- og trekkoppgåver

    Økonomiskribent Otto Risanger deler gode råd i høve drift av bedrift. Sjekk dette rådet - før fristen på papir går ut 20. januar 2011.

  •  Facebook og konkurransar

    Risikerer du å bli kasta ut av Facebook? 1. desember 2010 kom nye retningslinjer frå Facebook. Beate Sørum har lese gjennom, oversatt og tolka dei innfløkte retningslinjene.

  • Pur Glede i Måløy

    - Det starta på kjøkenbordet, og er blitt ein butikk – både på nett og i sentrum av Måløy, seier Åse Skjølberg. Gründer med ønskje om å spreie glede.

    1 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6     Neste »
Viser fra 1 til 4 av totalt 23 artikler
Copyright 2008 CoreTrek Red. Oddrun Midtbø                                                                                design by