DRIFTIG.NO er for deg som vil;
- lære entreprenørskap
- starte bedrift
- drive bedrift
... i Sogn og Fjordane.
Les aktuelle bloggarar...
Spørsmål: Kvifor er det lurt å lage forretningsplan?
Svar: Du lukkast lettare med ein forretningsplan. Den forklarar kva, kvifor og korleis du skal gjere ting, samstundes som den klargjer ein del målsetjingar som du og andre kan forholde dykk til. Innovasjon Norge sin mal på forretningsplan.
Spørsmål: Kva namn skal eg ha på foretaket?
Svar: Foretaksnamnet kan ikkje vere namnet på eit land, eit fylke eller ein kommune. Men du kan bruke slike stadnamn som ein del av føretaksnamnet, berre det er knytt opp til noko meir. Følgande foretaksnamn vil t.d. bli godkjend: STRYN BIL AS, MC FLORØ AS og SOGN OG FJORDANE REISELIV AS. Meir om namn på foretak.
Spørsmål: Kva selskapsform bør eg bruke?
Svar: Enkeltpersonføretak (ENK) er eit selskap med ein fysisk eigar, som står fullt ut økonomisk ansvarleg for selskapet si gjeld.
Ansvarlig selskap (ANS) er et selskap med fleire eigarar, der eigarane har eit personleg og solidarisk ansvar for verksemda sin gjeld.
I eit selskap med delt ansvar (DA) har deltakarane samla eit personlig ansvar for heile selskapsgjelda, men der kvar deltakar berre kan lastast for sin eigardel.
Aksjeselskap (AS) skill seg frå dei to første selskapsformene ved at eigar/eigarane ikkje har personlig ansvar for selskapet sine forpliktelsar. Eigar/eigarane kan i utgangspunktet berre tape det som er skutt inn som aksjekapital i selskapet. Aksjekapitalen må tilsaman vere minst 100.000 kroner.
Meir om selskapsform på Bedin.no
Spørsmål: Korleis registrere meg?
Svar: Det er enkelt å registrere eit føretak, eller eit enkeltpersonsføretak. Det er i hovudsak snakk om skjemaet Samordna registermelding. Skjemaet fins både i papirform og elektronisk. Gå til Brønnøysundregisteret. og Bedin.
Sjå kven Innovasjon Norge støtter økonomisk, og følg IN på Facebook.
Økonomiskribent Otto Risanger deler gode råd i høve drift av bedrift. Sjekk dette rådet - før fristen på papir går ut 20. januar 2011.
Risikerer du å bli kasta ut av Facebook? 1. desember 2010 kom nye retningslinjer frå Facebook. Beate Sørum har lese gjennom, oversatt og tolka dei innfløkte retningslinjene.
- Det starta på kjøkenbordet, og er blitt ein butikk – både på nett og i sentrum av Måløy, seier Åse Skjølberg. Gründer med ønskje om å spreie glede.
| Copyright 2008 CoreTrek | Red. Oddrun Midtbø design by |