DRIFTIG.NO er for deg som vil;
- lære entreprenørskap
- starte bedrift
- drive bedrift
... i Sogn og Fjordane.
Les aktuelle bloggarar...
Sommaren er ofte tida for utsending av falske fakturaer. Korte betalingsfristar og vikarar utan høve til å kontrollere betalingskrav, kan føre til at bedriftene kan bli lurt. Ver difor litt ekstra på vakt i sommarferien.
- Lett å bli lurt
Fordi svindlarane ofte gir inntrykk av at du alt har eit kundeforhold til bedrifta, er det lett å la seg lure. - Svindlarane gir ofte inntrykk av at du alt har eit kundeforhold til bedrifta ved å velje eit namn som er likt eller tilsvarande namn som tilbydaren, seier advokat Eirik Kollerøy i Bedriftsforbundet.
Andre teikn på at du blir forsøkt svindla er:
• Fakturaen har kort betalingsfrist
• Summane er ganske små
• Ein kjem ikkje i kontakt med firmaet korkje på telefon eller e-post
- Ikkje godta fakturaen
- Ta ein kopi av fakturaen, skriv på fakturakopien at du nektar å godta han, og send han attende til selskapet som fakturerte deg.
Det held å nekte kravet éin gong. Får du rekning frå eit inkassofirma sender du berre éin kopi av brevet der du protesterte på fakturaen. Eit krav som er protestert på kan ikkje krevjast inn via utanrettsleg inkasso. For meir info om korleis du kan løyse problemet dersom du blir utsett for dette, sjekk ut sjølvhjelpsverktøyet www.varslingslisten.no
Sjå kven Innovasjon Norge støtter økonomisk, og følg IN på Facebook.
Økonomiskribent Otto Risanger deler gode råd i høve drift av bedrift. Sjekk dette rådet - før fristen på papir går ut 20. januar 2011.
Risikerer du å bli kasta ut av Facebook? 1. desember 2010 kom nye retningslinjer frå Facebook. Beate Sørum har lese gjennom, oversatt og tolka dei innfløkte retningslinjene.
- Det starta på kjøkenbordet, og er blitt ein butikk – både på nett og i sentrum av Måløy, seier Åse Skjølberg. Gründer med ønskje om å spreie glede.
| Copyright 2008 CoreTrek | Red. Oddrun Midtbø design by |