DRIFTIG.NO  er  for deg som vil;

    -  lære entreprenørskap
    -  starte bedrift
    -  drive bedrift

  ... i Sogn og Fjordane.   

 

 Les meir...

Søk

Verktøylinje

Blogg

Les aktuelle bloggarar...

Besøke blogg

Du er her:

Skjerpar næringsarbeidet i fylket

No skal tiltaksapparatet rundt om i alle kommunar bli endå betre. For å få det til er byråkratane avhengig av innspel.

- De som sit i tiltaksapparatet i kommunane har ein særleg viktig jobb for å bidra til vekst og utvikling i fylket, sa assisterande fylkesdirektør Endre Høgalmen, på septembermøte i Tiltaksforum.

Vil påverke leiarnivået
- Det bekymrar oss at mange som arbeider med næringsutvikling i kommunane blir dregne mellom for mange oppgåver. Vi ønskjer å påverke leiarnivået i kommunane til å setje næringsutvikling endå høgare på dagsordenen. Det er heilt sentralt for nyskapinga i fylket at dei som vil starte eller vidareutvikle bedrifter vert møtt på ein god måte lokalt, sa Høgalmen under sin presentasjon.

Samarbeid for skjerping
Fylkeskommunen, Fylkesmannen si landbruksavdeling, Innovasjon Norge og representantar frå kommunane skal samarbeide for å heve kompetansen til dei som arbeider med næringsutvikling i kommunane. Det er mellom anna lagt opp til tre to-dagars kurs i prosjektarbeid i oktober og november. Verktøyet Etablererlink er kjøpt inn og blir tilbydd kommunane.

Avhengig av innspel
- For at dette prosjektet skal bli bra er vi avhengig av innspel frå dei som jobbar med næringsutvikling rundt omkring i heile fylket, seier Høgalmen. Oppmodinga er dermed klar; spørsmål og innspel blir retta til:

Assisterande fylkesdirektør Endre Høgalmen:
e-post: endre.hogalmen@sfj.no
Tlf.: 57 65 62 65 / 952 07 789
Seniorrådgjevar Audhild Schaathun
e-post: audhild.schaathun@sfj.no
Tlf. 57 65 62 57 / 415 30 602
 

Verktøylinje

  • Nettby
  • Origo
  • LinkedIn
  • Støtte til nye og gamle entreprenørar
    Støtte til nye og gamle entreprenørar

    Sjå kven Innovasjon Norge støtter økonomisk, og følg IN på Facebook.

  • Mini-arbeidsgivar? Ver obs på løns- og trekkoppgåver
    Mini-arbeidsgivar? Ver obs på løns- og trekkoppgåver
    Mini-arbeidsgivar? Ver obs på løns- og trekkoppgåver

    Økonomiskribent Otto Risanger deler gode råd i høve drift av bedrift. Sjekk dette rådet - før fristen på papir går ut 20. januar 2011.

  •  Facebook og konkurransar

    Risikerer du å bli kasta ut av Facebook? 1. desember 2010 kom nye retningslinjer frå Facebook. Beate Sørum har lese gjennom, oversatt og tolka dei innfløkte retningslinjene.

  • Pur Glede i Måløy

    - Det starta på kjøkenbordet, og er blitt ein butikk – både på nett og i sentrum av Måløy, seier Åse Skjølberg. Gründer med ønskje om å spreie glede.

    1 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6     Neste »
Viser fra 1 til 4 av totalt 23 artikler
Copyright 2008 CoreTrek Red. Oddrun Midtbø                                                                                design by