DRIFTIG.NO  er  for deg som vil;

    -  lære entreprenørskap
    -  starte bedrift
    -  drive bedrift

  ... i Sogn og Fjordane.   

 

 Les meir...

Søk

Verktøylinje

Blogg

Les aktuelle bloggarar...

Besøke blogg

Du er her:

Fin natur gir ikkje åleine pengar i kassen
Fin natur gir ikkje åleine pengar i kassen

Norske fjordar og fjell er blitt kåra til eit av verdas beste reisemål av tidsskriftet ”National Geographic Traveller”. Men vår unike natur åleine gjev ikkje klingande mynt i kassen.

Frå kurset i reiselivsutvikling. Foto: Åsne Follestad

Over halvparten av kommunane i Sogn og Fjordane - i alt 30 deltakarar - var med i pilotprogrammet reisemålsutvikling frå november til mars, for å lære meir om samarbeid og meir marknadsretta og heilskaplege reisemål. Tilbakemeldingane er gode:

”Kursinnhaldet burde vere obligatorisk for dei som vil delta i utvikling av reiselivet. Det kan spare oss for mykje arbeid, når samarbeid og forankring ligg til grunn for utviklingsarbeidet. Deltaking har gitt oss i Vikingfjorden ein glimarande moglegheit til å spisse produkta våre i lag mot definerte målgrupper med fokus på kvalitet, kompetanse og formidling.
- Prosjektleiar i Vikingfjorden, Merete Larsmon

"Kurset passa fantastisk bra for oss som jobbar med å utvikle reiselivet i Marifjøra i Luster. Det var arbeidskrevjande, men veldig bra i forhold til å bygge nettverk i regionen og få oversikt over relevante fagmiljø. Og så lærte vi jo faktisk noko. Det var moro å høyra erfaringar frå andre reisemål, kva dei gjorde rett og gale. Marknadsinformasjonen frå Tyskland var òg veldig relevant for oss. Vi håpar satsinga vert vidareført for dei destinasjonane som startar prosessarbeid, for vidare kunnskaps- og erfaringsutveksling."
- Bård Huseby, Tørvis Bre, Ski og Fjordhotel

”For oss har kurset vore kjempebra! Den utprøvde metodikken, med logisk og analytisk framgangsmåte, legg eit godt grunnlag for reisemålsutviklingsprosessen. Det viktige no er å selje inn tenkemåten vidare til andre lokale aktørar på destinasjonen.”
- Næringsrådgjevar Harald Blaaflat Mundal i Lærdal kommune og nestleiar i Aurland og Lærdal Reiselivslag, Helene Maristuen

”Eit god kurs. Kombinasjon av erfaringsbasert foredrag og arbeid med eigen destinasjon gav ein god arbeidsform med mykje læring. For best mogleg utbytte krev det aktiv deltaking, og at ein sett av tid til arbeidet. Vi har allereie presentert fordelane med brei forankring og samarbeid lokalt, og håpar på igangsetting av eit forstudie til ein reisemålsutviklingsprosess her i Vik no i 2009."
- Prosjektleiar i KRD sitt 4-årige kommuneprogram for småsamfunnssatsing i Vik i Sogn, Ottar Wiik

Kunnskaps- og erfaringsutveksling

Målet med kurset var å gi kommuneplanleggarar og reiselivsaktørar kunnskap om korleis potensial, felles mål og strategiar kan definerast, forankrast og settast ut i live, for meir heilskaplege, konkurransedyktige og lønsame reisemål.

Gjennom fire samlingar har hovudforedragshaldar Bård Jervan frå rådgjevingsselskapet Mimir vist korleis ein kan bruke ulike planleggingsverktøy i ein målretta prosess. Innovasjon Norge inviterte med sitt Tyskland-kontor, som presenterte korleis reisemåla kan tilpasse seg behov i den tyske marknaden.

Høgskulen

Dei 30 deltakarane frå fylket fekk god innsikt i utviklingsarbeidet frå fleire reisemål i Norge, med eksempel frå kystdestinasjonen Lofoten og presentasjonar frå fjellbygdene Geilo og Trysil, og det naturbaserte reisemålet Svalbard. Vårt eige kompetansemiljø med Høgskulen i Sogn og Fjordane har hatt det faglege ansvaret med rettleiing og eksamen.

Kva no?
Prosjektansvarleg Åsne Folstad hjå Innovasjon Norge meiner kurset gir deltakarane eit godt grunnlag for å jobbe med reisemålsutvikling lokalt, og håpar det vil bidra til meir attraktive og lønsame reisemål i fylket.


 

Verktøylinje

  • Nettby
  • Origo
  • LinkedIn
  • Lindis fekk BU-pris

    Bygdeutviklingsprisen 2011 gikk til Lindis Alme på Hafslo i Luster. Les kvifor.

  • Forskar og fylkesmann

    Innvandrarar bidreg positivt i arbeidslivet i Sogn og Fjordane! Det er konklusjonen NHO dreg etter erfaringar med Global Future. Forskar ved Vestlandsforsking Carol Azungi er blitt godt kjent med mentoren sin; fylkesmann Anne Karin Hamre.

  • Minister lyttar til Sogndal-gründer
    Minister lyttar til Sogndal-gründer

    Håvard Halvorsen er ein av åtte gründerar som er invitert inn til ministerbordet for å dele sine erfaringar. Måndag hadde dei sitt første møte.

  • Filmtalent med ny film

    Daniel Volle frå Sogndal er i gang med ny film. Han har fått støtte frå Vestnorsk filmsenter, men må likevel vere kreativ for å få fleire pengar.

    1 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | 7 | 8 | 9 | 10 | 11     Neste »
Viser fra 1 til 4 av totalt 78 artikler
Copyright 2008 CoreTrek Red. Oddrun Midtbø                                                                                design by