DRIFTIG.NO  er  for deg som vil;

    -  lære entreprenørskap
    -  starte bedrift
    -  drive bedrift

  ... i Sogn og Fjordane.   

 

 Les meir...

Søk

Verktøylinje

Blogg

Les aktuelle bloggarar...

Besøke blogg

Du er her:

Fleire grønne bedrifter i Sogn og Fjordane
Fleire grønne bedrifter i Sogn og Fjordane

Sparebanken Sogn og Fjordane er nok ei bedrift i fylket som er blitt sertifisert som "Miljøfyrtårn". Stadig fleire ser kor viktig det er å kunne dokumentere miljøvennleg drift.

Sogn og Fjordane er det fylket i landet som har færrast Miljøfyrtårnsbedrifter, men nokre har teke tak.

Blant dei er Sogn og Fjordane Energi som blei sertifisert i fjor. Også Fretheim Hotel i Flåm har denne statusen. Sist ut er Sparebanken Sogn og Fjordane sitt hovudkontor i Førde, som fekk si sertifisering i juni 2009.

Adm.dir i Sparebanken Sogn og Fjordane, Arvid Andenæs, meiner fleire burde gjere det same.

"Vinn-vinn" for alle

-Sertifiseringa "Miljøfyrtårn" er eit bevis på at vi har gått gjennom rutinane og vanane våre og gjort tiltak for å gjere desse så gode som mogleg. Det å ha ei drift som er mindre belastande for miljøet er ”vinn-vinn” for alle. Vi oppmoder andre til å gå den same løypa som oss. Det er både lærerikt, kostnadssparande og viser at ein tek klimautfordringane på alvor, seier Andenæs.


Nils Gjerland stod for overrekkinga og skrytte av miljøengasjementet til banken. Han var glad for å kunne dele ut første sertifikatet frå Miljøfyrtårn i Førde. 

Samfunnsansvar i praksis

"Miljøfyrtårn" er ei nasjonal ordning som gjev ei praktisk tilnærming til miljøarbeid. Ordninga tek føre seg tema som transport, innkjøp, avfall, HMS, energibruk og utslepp. Og det er ikkje berre bedrifter som kan gjere dette krafttaket for miljøet. Også Norsk Countryfestival på Breim og Brandsøy skule i Flora er  blant dei som er blitt "Fyrtårn".

Mange effektar

Ei miljøsertifisering er positiv med tanke på profilering, men den kan også gje betre lønsemd, lågare sjukefråvær og meir miljømedvitne tilsette.

Vestnorsk Enøk  som er rådgjevingsmiljøet til SFE Kraft AS, har i dag fylket sin einaste offentleg godkjende Miljøfyrtårn-konsulent. Dei opplever at interessa for miljøsertifisering er stor.
 

Verktøylinje

  • Nettby
  • Origo
  • LinkedIn
  • Lindis fekk BU-pris

    Bygdeutviklingsprisen 2011 gikk til Lindis Alme på Hafslo i Luster. Les kvifor.

  • Forskar og fylkesmann

    Innvandrarar bidreg positivt i arbeidslivet i Sogn og Fjordane! Det er konklusjonen NHO dreg etter erfaringar med Global Future. Forskar ved Vestlandsforsking Carol Azungi er blitt godt kjent med mentoren sin; fylkesmann Anne Karin Hamre.

  • Minister lyttar til Sogndal-gründer
    Minister lyttar til Sogndal-gründer

    Håvard Halvorsen er ein av åtte gründerar som er invitert inn til ministerbordet for å dele sine erfaringar. Måndag hadde dei sitt første møte.

  • Filmtalent med ny film

    Daniel Volle frå Sogndal er i gang med ny film. Han har fått støtte frå Vestnorsk filmsenter, men må likevel vere kreativ for å få fleire pengar.

    1 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | 7 | 8 | 9 | 10 | 11     Neste »
Viser fra 1 til 4 av totalt 78 artikler
Copyright 2008 CoreTrek Red. Oddrun Midtbø                                                                                design by