DRIFTIG.NO er for deg som vil;
- lære entreprenørskap
- starte bedrift
- drive bedrift
... i Sogn og Fjordane.
Les aktuelle bloggarar...

- Samlinga var hektisk, men svært vellukka, seier dagleg leiar i Framtidsfylket, Anne van Oorschot. Ho gjorde ein ny vri i år, og utfordra årets kull til å invitere alle traineeane opp gjennom åra, traineebedriftene og aksjonærane i Framtidsfylket. – Dei gjorde ein kjempejobb med planlegging og gjennomføring av det sosiale og faglege programmet, og fekk synt at dei taklar utfordingar svært godt, rosar Oorschot.
Raskare start på karriere
- Det beste med traneeordninga var at eg vart fort kjent med fylket, fekk møte andre høgt utdanna unge og fekk raskt eit godt innblikk i næringslivet. Det er langt meir spennande enn mange er klar over, meiner ein av traineeane. Det svaret, i tillegg til ord som ”kjekt, spennande og personleg utviklande”, er felles når mange av dei skal oppsummere året som er ein del av satsinga til Framtidsfylket.

Med blikket vendt heimover
- Eg reiste mykje meir i eige fylket som trainee, enn eg har gjort tidlegare. Og innsåg fort at eg ikkje kjende fylket mitt i det heile, seier Monica Lystad. Ho har halde fram med å arbeide ved SFE.
- Eg har ein mastergrad i samfunnsgeografi, og hadde blikket vendt heimover. Då eg fekk sjansen på traineestilling i Høyanger Næringsutvikling, nølte eg ikkje, seier Synne Vefring. I dag har ho HNU som arbeidsplass. Traineeåret har gitt dei alle ei betre oversikt og eit nettverk spreidd over heile fylket.

Flygande start på karrieren
- Eg hadde nok aldri våga å søkje som nyutdanna på ei stilling som forskar. Traineeordninga ga meg ein unik sjanse til å bli kjent med arbeidsplassen, seier Idun A. Husabø. Også ho er blitt verande i traineebedrifta Vestlandsforsking. Det same har Ingrid Sælensminde (bilete), som kom seg velberga gjennom løypa traineeane måtte for å styrke lagkjensla (bilete ovanfor).
Begge dei unge høgt utdanna kvinnene er gode døme på at ordninga har gjort arbeidsplassen meir mangfaldige, og senka gjennomsnittsalderen på dei tilsette. Det har ført til at bedrifta er blitt styrka i kampen om dei høgt utdanna unge.

- Kunnskap er nøkkelen
- Vi håper denne type samling kan bli tradisjon, seier van Oorschot, som fekk god tilbakemelding frå dei tre ulike gruppene. Ho sette stor pris på å få besøk av Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete. Ministeren er godt orientert om Framtidsfylket og dei utfordringane næringslivet har. – Det er viktig at næringslivet gjer seg interessant nok for skarpingane med høg utdanning, sa ho. – Då er Framtidsfylket og traineeordninga viktige grep, la ho til.
Bygdeutviklingsprisen 2011 gikk til Lindis Alme på Hafslo i Luster. Les kvifor.
Innvandrarar bidreg positivt i arbeidslivet i Sogn og Fjordane! Det er konklusjonen NHO dreg etter erfaringar med Global Future. Forskar ved Vestlandsforsking Carol Azungi er blitt godt kjent med mentoren sin; fylkesmann Anne Karin Hamre.
Håvard Halvorsen er ein av åtte gründerar som er invitert inn til ministerbordet for å dele sine erfaringar. Måndag hadde dei sitt første møte.
Daniel Volle frå Sogndal er i gang med ny film. Han har fått støtte frå Vestnorsk filmsenter, men må likevel vere kreativ for å få fleire pengar.
| Copyright 2008 CoreTrek | Red. Oddrun Midtbø design by |