DRIFTIG.NO er for deg som vil;
- lære entreprenørskap
- starte bedrift
- drive bedrift
... i Sogn og Fjordane.
Les aktuelle bloggarar...
Yast-gründer og eigar av eit enkeltpersonføretak, Jørn Sandvik Nilsson, har enno ikkje levert sjølvmelding for ENK. For aksjeselskapa har dei hyra inn profesjonelle rekneskapsfolk.
Prioriterer ski i Stryn
I helga prioriterer han ski i Stryn. Arbeidet med sin eigen sjølvmelding blir gjort like før fristen; i løpet av måndagen. Han er sikker på at han kjem i mål med elektronisk innlevering før klokka bikkar 24.00.

- Kjedeleg med skjema
- Eg tykkjer det er kjedeleg å fylle ut skjema. Utfordringa mi har vore å samle og ta vare på kvitteringane i løpet av året, innrømmer han. Han har no teke i bruk ein gratis ressurs på nettet, www.evernote.com Det gjer arbeidet mykje enklare og meir effektivt.




- Genial gratisteneste på nett
- Eg tek bilete av kvitteringar med mobiltelefonen, etter kvart som eg får dei, og lastar dei opp på nettet. Programmet analyserer teksten, gjer det mogeleg å søkje på og forenklar dermed heile jobben, seier gründeren som vil mykje heller bruke tida på å utvikle nye produkt, eller stå på ski, enn skjemaveldet. Han deler gjerne tipset om evernote med andre næringsdrivande.
Andre tips til nettsider som hjelper deg med skatten:
Skatteetaten har den korrekte og saklege informasjonen.
I nettmagasinet Enkelt – for deg med eige miniforetak - dukka det opp 40 treff på ordet selvangivelse. Det kan vere nokre tips å hente her.
På sida til Skattebetalerforeningen kan det kanskje vere noko å plukke opp – men der er medlemskap ofte nøkkelen til svara.
Har du andre tips til korleis gjere leveringa av sjølvmeldinga til ein fryd, send mail til oss i Driftig og vi deler med lesarane.
Bygdeutviklingsprisen 2011 gikk til Lindis Alme på Hafslo i Luster. Les kvifor.
Innvandrarar bidreg positivt i arbeidslivet i Sogn og Fjordane! Det er konklusjonen NHO dreg etter erfaringar med Global Future. Forskar ved Vestlandsforsking Carol Azungi er blitt godt kjent med mentoren sin; fylkesmann Anne Karin Hamre.
Håvard Halvorsen er ein av åtte gründerar som er invitert inn til ministerbordet for å dele sine erfaringar. Måndag hadde dei sitt første møte.
Daniel Volle frå Sogndal er i gang med ny film. Han har fått støtte frå Vestnorsk filmsenter, men må likevel vere kreativ for å få fleire pengar.
| Copyright 2008 CoreTrek | Red. Oddrun Midtbø design by |