DRIFTIG.NO er for deg som vil;
- lære entreprenørskap
- starte bedrift
- drive bedrift
... i Sogn og Fjordane.
Les aktuelle bloggarar...

Barometeret er ein indikator på kva næringslivet i dei to fylka kan forvente seg i 2010.
Utfordrande 2009
Det siste året har vore utfordrande for store delar av næringslivet på Vestlandet. Dei fleste bedriftene trur likevel at 2010 skal bli betre. Deler av industrien og byggje- og anleggsnæringa er avventande.
I 2009 forsvann meir enn 600 arbeidsplassar i privat sektor i Sogn og Fjordane. Signala bedriftene sender ut om 2010, tilsvarar ein nedgang på 0,5 prosent, tilsvarande 150 arbeidsplassar.
Auka omsetnad og lønsemd
Nærare halvparten av bedriftene ventar auka omsetning og lønsemd. Men bedrifter innafor industri, bygg og anlegg slit med lågare ordrereservar og kortare ordrehorisont.
30 prosent av kommunane forventar vekst innafor pleie- og omsorgstenesta. Også innafor barnevern og sosiale tenester ventar kommunane vekst.
Utviklar eigne tilsette
Dei fleste bedriftene har prøvd å møte utfordringane som følgjer av nedgangskonjunkturen, med positive tiltak. Bedriftene i dei to fylka er opptekne av å halde på og vidareutvikle dei tilsette. Orientering mot nye marknader er eit tiltak som er aktuelt for mange, særleg innafor industri og reiseliv.
Næringsbarometeret er utarbeida i samarbeid mellom Hordaland fylkeskommune, Sogn og Fjordane fylkeskommune, NAV, NHO, Innovasjon Norge og Sparebanken Vest.
Bygdeutviklingsprisen 2011 gikk til Lindis Alme på Hafslo i Luster. Les kvifor.
Innvandrarar bidreg positivt i arbeidslivet i Sogn og Fjordane! Det er konklusjonen NHO dreg etter erfaringar med Global Future. Forskar ved Vestlandsforsking Carol Azungi er blitt godt kjent med mentoren sin; fylkesmann Anne Karin Hamre.
Håvard Halvorsen er ein av åtte gründerar som er invitert inn til ministerbordet for å dele sine erfaringar. Måndag hadde dei sitt første møte.
Daniel Volle frå Sogndal er i gang med ny film. Han har fått støtte frå Vestnorsk filmsenter, men må likevel vere kreativ for å få fleire pengar.
| Copyright 2008 CoreTrek | Red. Oddrun Midtbø design by |