DRIFTIG.NO  er  for deg som vil;

    -  lære entreprenørskap
    -  starte bedrift
    -  drive bedrift

  ... i Sogn og Fjordane.   

 

 Les meir...

Søk

Verktøylinje

Blogg

Les aktuelle bloggarar...

Besøke blogg

Du er her:

Heider og ære til Eid!

Eid vann kultur- og næringsprisen 2009 for stadutvikling for sitt arbeid med Opera Nordfjord, Malakoff rockefestival og VAKN prosjektet.

Drammen og Fredrikstad var Eid sine konkurrentar i kategorien stadsutvikling.

Åmot Gard i Bygstad var nominert i kategori 2, kulturbasert næringsutvikling. Men dei nådde ikkje opp i kampen med AFGruppen og Peer Gynt.

”VAKN” 

Men det gjorde VAKN, som står for "Vårt Akademi for Kultur og Næring" og som er eit samarbeid mellom det offentlege og private.

Dei som er med i samarbeidet er;

  • Eid kommune
  • Eid vidaregåande skule
  • Malakoff Rockfestival
  • Nordfjord hotell
  • Opera Nordfjord
  • Nordfjordeid næringshage

Bakgrunnen for satsinga er å motvirke fråflytning.

Godt samarbeid

Samarbeidet famnar breidt og engasjerer store delar av verkemiddelapparatet, investorar, næringslivet og kulturlivet i kommunen. Juryen har lagt vekt på at satsinga er eit godt døme på korleis bruk av kultur kan heve bukvaliteten, og er med på å skape meir kulturbasert næringsutvikling.

Nordfjordkommunen, med vel 5800 innbyggarar, opna tidlegare i vår sitt flunkande nye operahus. Og seinare har finansiering av både permanent rockescene og øvingslokale for ungdom komme på plass.

Dette gjer Eid/Nordfjordeid til ein attraktiv stad for ungdom å vere og Eid vidaregåande skule til ein viktig medspelar i samfunnsutviklinga. I tillegg bidreg satsinga til profilering av Eid. 

Skal feirast

Forum for Kultur og Næringsliv si første prisutdeling til beste kultur og næringslivssamarbeid er gjort i samarbeid med Innovasjon Norge og dei 15 nettverkpartnarane i forumet. 

Gjennom Kultur- og næringprisen 09 skal dei beste samarbeidsprosjekta mellom kultur og næringsliv synleggjerast og feirast.

 Juryens begrunnelse

”VAKN” er et usedvanlig godt eksempel på at fantastiske resultat oppstår når flere gode krefter på tvers av alder og stilling i et lokalmiljø trekker i samme retning, og når det er et godt strategisk planarbeid i bunn. Juryen er spesielt begeistret for hvordan skolen og skoleungdommen er trukket inn i arbeidet, både gjennom arbeidet med Malakoff festivalen og skolene som ”leverandør” til Opera Nordfjord".

Driftig gratulerer aktørane på Eid!

Les meir om Eid kommune, Eid videregående skole, Malakoff Rockfestival, Nordfjord hotell, Opera Nordfjord og Nordfjordeid næringshage.



Verktøylinje

  • Nettby
  • Origo
  • LinkedIn
  • Lindis fekk BU-pris

    Bygdeutviklingsprisen 2011 gikk til Lindis Alme på Hafslo i Luster. Les kvifor.

  • Forskar og fylkesmann

    Innvandrarar bidreg positivt i arbeidslivet i Sogn og Fjordane! Det er konklusjonen NHO dreg etter erfaringar med Global Future. Forskar ved Vestlandsforsking Carol Azungi er blitt godt kjent med mentoren sin; fylkesmann Anne Karin Hamre.

  • Minister lyttar til Sogndal-gründer
    Minister lyttar til Sogndal-gründer

    Håvard Halvorsen er ein av åtte gründerar som er invitert inn til ministerbordet for å dele sine erfaringar. Måndag hadde dei sitt første møte.

  • Filmtalent med ny film

    Daniel Volle frå Sogndal er i gang med ny film. Han har fått støtte frå Vestnorsk filmsenter, men må likevel vere kreativ for å få fleire pengar.

    1 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | 7 | 8 | 9 | 10 | 11     Neste »
Viser fra 1 til 4 av totalt 78 artikler
Copyright 2008 CoreTrek Red. Oddrun Midtbø                                                                                design by