DRIFTIG.NO er for deg som vil;
- lære entreprenørskap
- starte bedrift
- drive bedrift
... i Sogn og Fjordane.
Les aktuelle bloggarar...

Med på turen var representantar frå Vestlandsforsking, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Lotteri- og stiftelsestilsynet, Mediekameratane, Sogndal Fotball, Datainstituttet og Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane.
Silicon Valley
Deltakarane fekk treffe folk frå både nystarta og etablerte IT-bedrifter i San Francisco og Silicon Valley, men også lokale styresmakter og Stanford-universitetet. Besøk hjå Apple sitt hovudkvarter var for nokon det absolutte høgdepunkt.
Stikkord for foredraga var entreprenørskap, it-løysingar, kommunikasjon, sosiale medier og samfunnsutvikling.
Nyttig kunnskap
Svein Ølnes frå Vestlandsforsking har som deltakar blogga utførleg om turen . Les om inntrykka og ideane gruppa fekk i møte med næringslivet og likt og ulikt frå amerikansk kultur. Foto frå turen ser du på Arild Nybø på Flickr.
Om IT-forum
IT-forum Sogn og Fjordane blei etablert i 1995, og er eit breitt samarbeid og spleiselag som skal sikre at Sogn og Fjordane er i fremste rekkje i å utnytte informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) i næringsliv, offentleg sektor, opplæring og utdanning. IT-forum utfører eit omfattande arbeid med å initiere, samordne og sikre viktige utviklingsaktivitetar til nytte for heile fylket.
Bygdeutviklingsprisen 2011 gikk til Lindis Alme på Hafslo i Luster. Les kvifor.
Innvandrarar bidreg positivt i arbeidslivet i Sogn og Fjordane! Det er konklusjonen NHO dreg etter erfaringar med Global Future. Forskar ved Vestlandsforsking Carol Azungi er blitt godt kjent med mentoren sin; fylkesmann Anne Karin Hamre.
Håvard Halvorsen er ein av åtte gründerar som er invitert inn til ministerbordet for å dele sine erfaringar. Måndag hadde dei sitt første møte.
Daniel Volle frå Sogndal er i gang med ny film. Han har fått støtte frå Vestnorsk filmsenter, men må likevel vere kreativ for å få fleire pengar.
| Copyright 2008 CoreTrek | Red. Oddrun Midtbø design by |