DRIFTIG.NO er for deg som vil;
- lære entreprenørskap
- starte bedrift
- drive bedrift
... i Sogn og Fjordane.
Les aktuelle bloggarar...
Etter gode erfaringar og etter ønskje frå toppleiarar i og utanfor LIFF er det no utvikla eit nytt program, LIFF TL 3.
LIFF har tidlegare gjennomført to topp- og to mellomleiarprogram for til saman 120 deltakarar. Dette byggjer på tidlegare erfaringar, på innspel frå lokalt næringsliv og er tilpassa ein uroleg situasjon for næringslivet, der krav til oppdatert og relevant kunnskap er enno viktigare enn tidlegare.
Geir Thompson, Handelshøgskulen BI, har også denne gongen det faglege ansvaret.
Optimalt deltakartal er 25-28 stk. Finansieringa skjer i samarbeid mellom Innovasjon Norge, Stryn Næringshage og deltakarane.
På LIFF finn du meir informasjon om det heile.
Treng du meir informasjon, ta kontakt med prosjektleiar Bjørn Kåre Moen, Terje Bjerkan, eller Stryn Næringshage v/Helge Gjørven.
Bygdeutviklingsprisen 2011 gikk til Lindis Alme på Hafslo i Luster. Les kvifor.
Innvandrarar bidreg positivt i arbeidslivet i Sogn og Fjordane! Det er konklusjonen NHO dreg etter erfaringar med Global Future. Forskar ved Vestlandsforsking Carol Azungi er blitt godt kjent med mentoren sin; fylkesmann Anne Karin Hamre.
Håvard Halvorsen er ein av åtte gründerar som er invitert inn til ministerbordet for å dele sine erfaringar. Måndag hadde dei sitt første møte.
Daniel Volle frå Sogndal er i gang med ny film. Han har fått støtte frå Vestnorsk filmsenter, men må likevel vere kreativ for å få fleire pengar.
| Copyright 2008 CoreTrek | Red. Oddrun Midtbø design by |