DRIFTIG.NO er for deg som vil;
- lære entreprenørskap
- starte bedrift
- drive bedrift
... i Sogn og Fjordane.
Les aktuelle bloggarar...

Lindis Alme fekk Innovasjon Norge Sogn og Fjordane sin bygdeutviklingspris 2011. Med utgangspunkt i gardstunet Bestebakken, har ho utvikla eit tilbod med gjennomgåande svært høg kvalitet både på overnatting, matservering og aktivitetane ho tilbyr.
Suksess trass skeptikarar
Svært få hadde tru på prosjektet då ho starta opp, men vinnaren har utvikla eit unikt "sanseleg" tilbod med stor suksess, utan at det er blitt brukt ei krone på marknadsføring.
Bygdeutviklingsprisen på 50 000 kroner vart delt ut av jury- og styreleiar i Innovasjon Norge Sogn og Fjordane, Kjartan Longva, under opninga av fylkestinget på Leikanger tysdag 18. oktober.
Inspirerande og framtidsretta
Ho har eit stort nettverk både nasjonalt og internasjonalt. Alme blir også mykje brukt som føredragshaldar for å inspirere andre med tema "Suksessfaktorar og fallgruver" og "Frå nedlagt småbruk til ei sanseleg oppleving".
Juryen har spesielt merkt seg at Lindis Alme heile tida er utviklingsorientert. Ho har mellom anna utvikla ein eigen hudpleieserie som vert nytta i konseptet, med base i breleire frå området.
Stadig nye planar
Sjølv om Bestebakken no har ei drift og ein økonomi som gjer at Lindis Alme kunne "lene seg tilbake", har ho nye spennande planar for å vidareutvikle verksemda. Det er nettopp dette som kjenneteiknar ein ekte gründer, står det å lese på fylkeskommunen sine sider.
Som prisvinnar i Sogn og Fjordane går Lindis Alme vidare som kandidat til Innovasjon Norge sin nasjonale BU-pris, der det vert plukka ut ein vinnar som får 200 000 kroner.
Bygdeutviklingsprisen 2011 gikk til Lindis Alme på Hafslo i Luster. Les kvifor.
Innvandrarar bidreg positivt i arbeidslivet i Sogn og Fjordane! Det er konklusjonen NHO dreg etter erfaringar med Global Future. Forskar ved Vestlandsforsking Carol Azungi er blitt godt kjent med mentoren sin; fylkesmann Anne Karin Hamre.
Håvard Halvorsen er ein av åtte gründerar som er invitert inn til ministerbordet for å dele sine erfaringar. Måndag hadde dei sitt første møte.
Daniel Volle frå Sogndal er i gang med ny film. Han har fått støtte frå Vestnorsk filmsenter, men må likevel vere kreativ for å få fleire pengar.
| Copyright 2008 CoreTrek | Red. Oddrun Midtbø design by |