DRIFTIG.NO  er  for deg som vil;

    -  lære entreprenørskap
    -  starte bedrift
    -  drive bedrift

  ... i Sogn og Fjordane.   

 

 Les meir...

Søk

Verktøylinje

Blogg

Les aktuelle bloggarar...

Besøke blogg

Du er her:

Nye tankar om visittkort

Visittkortet er undervurdert i høve marknadsføring. Men kanskje du er på leit etter noko anna enn eit ordinært visittkort i papir?

Enkelt – nettsida for deg med miniføretak – deler gode tips. Denne gongen har redaktør Pål Stavrum sett over til våre naboar i sør; Danmark.

 

Visittkort - viktig for førsteinntrykket

”Visittkortet er en undervurdert gammel traver i markedsføringa, og for mange er det en papirlapp vi bare må ha. Derfor er det også mange som ikke innser hvor stor betydning visittkortet kan ha for førsteinntrykket overfor nye kontakter og potensielle kunder”, skriv Stavrum.

Fem tips til visittkort i ny drakt

Han linker opp til ei nettside i det danske bladet, Erhvervsbladet, som syner visittkort i ny drakt: alt frå gullbelagt visittkort i stål til ein kulepenn som kan brukast som skanner. Minnepinner med logo er ikkje nytt i Norge, men dersom du i tillegg til bedriftslogoen på utsida, lastar inn ein presentasjon av bedrifta di på pinnen, får visittkortet ein ny dimensjon. Eller kva med eit visittkort i form av digital handtrykk, eller med eit kort-etui som gir overrekkinga litt særpreg?

Eller du kan lese bloggen til designer og webutviklar Ole Fredrik Lie. Han gir mange gode tips til korleis eit sprekt visittkort kan sjå ut. Ver så god, bli inspirert, og tenk vidare enn berre visittkort i papir.

Verktøylinje

  • Nettby
  • Origo
  • LinkedIn
  • Lindis fekk BU-pris

    Bygdeutviklingsprisen 2011 gikk til Lindis Alme på Hafslo i Luster. Les kvifor.

  • Forskar og fylkesmann

    Innvandrarar bidreg positivt i arbeidslivet i Sogn og Fjordane! Det er konklusjonen NHO dreg etter erfaringar med Global Future. Forskar ved Vestlandsforsking Carol Azungi er blitt godt kjent med mentoren sin; fylkesmann Anne Karin Hamre.

  • Minister lyttar til Sogndal-gründer
    Minister lyttar til Sogndal-gründer

    Håvard Halvorsen er ein av åtte gründerar som er invitert inn til ministerbordet for å dele sine erfaringar. Måndag hadde dei sitt første møte.

  • Filmtalent med ny film

    Daniel Volle frå Sogndal er i gang med ny film. Han har fått støtte frå Vestnorsk filmsenter, men må likevel vere kreativ for å få fleire pengar.

    1 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | 7 | 8 | 9 | 10 | 11     Neste »
Viser fra 1 til 4 av totalt 78 artikler
Copyright 2008 CoreTrek Red. Oddrun Midtbø                                                                                design by