DRIFTIG.NO er for deg som vil;
- lære entreprenørskap
- starte bedrift
- drive bedrift
... i Sogn og Fjordane.
Les aktuelle bloggarar...
Prisen blei delt ut av styreleiar i NHO Sogn og Fjordane, Charlotte Hartvigsen Lem. Dagleg leiar, Ivar Presttun i PSWinCom, tok i mot prisen.
Til landsfinale
Kvart år delar NHO Sogn og Fjordane ut ein nyskapingspris til ein person – eventuelt fleire personar i samarbeid – som har starta og/eller utvikla ei mindre bedrift. I år er det altså bedrifta PSWinCom som skal representere Sogn og Fjordane i landsfinalen på Småtinget i Oslo i august.
Florøbasert
PSWinCom har hovudadministrasjon i Florø, i tillegg til kontor i Bergen og Kristiansand. Bedrifta har omlag 2000 bedriftskundar i Norge og i 75 andre land!
Firmaet blei etablert i 2004, med Ivar Presttun og Roald Brekkhus som aktive eigarar. Sidan 2004 er det årleg tilsett 2 – 3 nye medarbeidarar. Firma tilbyr eit spanande miljø for sine 12 tilsette.
SMS
PSWinCom handterer sending av SMS frå dataanlegg i bedriftene til mobiltelefoner, og over halvparten av alle som har mobiltelefonar i Noreg har motteke SMS melding frå firmaet. Eks på slike sms kan vere; passord til pålogging av nettbaserte tenester, påminning om legetime, bilen er ferdig på verkstad, pakke til henting og mykje anna!
God butikk
Bedrifta har ingen investorar utanom dagens 3 aktive eigarar, og er heller ikkje lånefinansiert. Omsettinga auka frå kr 17,5 mill. kr i 2007, til 25 mill. kr i 2008.
Bygdeutviklingsprisen 2011 gikk til Lindis Alme på Hafslo i Luster. Les kvifor.
Innvandrarar bidreg positivt i arbeidslivet i Sogn og Fjordane! Det er konklusjonen NHO dreg etter erfaringar med Global Future. Forskar ved Vestlandsforsking Carol Azungi er blitt godt kjent med mentoren sin; fylkesmann Anne Karin Hamre.
Håvard Halvorsen er ein av åtte gründerar som er invitert inn til ministerbordet for å dele sine erfaringar. Måndag hadde dei sitt første møte.
Daniel Volle frå Sogndal er i gang med ny film. Han har fått støtte frå Vestnorsk filmsenter, men må likevel vere kreativ for å få fleire pengar.
| Copyright 2008 CoreTrek | Red. Oddrun Midtbø design by |