DRIFTIG.NO  er  for deg som vil;

    -  lære entreprenørskap
    -  starte bedrift
    -  drive bedrift

  ... i Sogn og Fjordane.   

 

 Les meir...

Søk

Verktøylinje

Blogg

Les aktuelle bloggarar...

Besøke blogg

Du er her:

Oslo kommune vel Høyangerbedrift

I hard konkurranse med fleire sentrale aktørar, blei Høyangerbedrifta Kvalitetslosen AS valgt som leverandør av elektronisk kvalitetsstyringssystem til Oslo kommune.

Avtalen er den største for selskapet hittil, og er verdt fleire millionar kroner. - Dette er eit kvalitetsstempel for bedrifta og ei stadfesting på at løysingane og kompetansen vår held ein svært høg standard, skriv dagleg leiar John Tonheim i ei pressemelding.

Avtalen med Oslo kommune omfatter kjøp av elektronisk kvalitetssystem, vedlikehold, datadrift og konsulentbistand.

Kvalitet

Kontrakta betyr mykje og bidreg til ytterlegare vekst og utvikling av selskapet. KvalitetsLosen AS har i dag 7 tilsette og har hovudkontor i Høyanger. Selskapet vart etablert i 2005 og leverer eit komplett elektronisk kvalitetsstyringssystem til kommunar og bedrifter i Norge.

"beste praksis"

Modulen kvalitetsdokumentasjon inneheld ”Losen kommune” ein database med omlag 2500 prosedyrar/dokument som kan brukast for å utarbeide ”beste praksis”.

KvalitetsLosen er den eineste i marknaden som leverer denne type prosedyrar på så mange fagområde. KvalitetsLosen har over 100 løysingar ute i marknaden, og er dermed den største aktøren innan sitt fagfelt.

Verktøylinje

  • Nettby
  • Origo
  • LinkedIn
  • Lindis fekk BU-pris

    Bygdeutviklingsprisen 2011 gikk til Lindis Alme på Hafslo i Luster. Les kvifor.

  • Forskar og fylkesmann

    Innvandrarar bidreg positivt i arbeidslivet i Sogn og Fjordane! Det er konklusjonen NHO dreg etter erfaringar med Global Future. Forskar ved Vestlandsforsking Carol Azungi er blitt godt kjent med mentoren sin; fylkesmann Anne Karin Hamre.

  • Minister lyttar til Sogndal-gründer
    Minister lyttar til Sogndal-gründer

    Håvard Halvorsen er ein av åtte gründerar som er invitert inn til ministerbordet for å dele sine erfaringar. Måndag hadde dei sitt første møte.

  • Filmtalent med ny film

    Daniel Volle frå Sogndal er i gang med ny film. Han har fått støtte frå Vestnorsk filmsenter, men må likevel vere kreativ for å få fleire pengar.

    1 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | 7 | 8 | 9 | 10 | 11     Neste »
Viser fra 1 til 4 av totalt 78 artikler
Copyright 2008 CoreTrek Red. Oddrun Midtbø                                                                                design by