DRIFTIG.NO  er  for deg som vil;

    -  lære entreprenørskap
    -  starte bedrift
    -  drive bedrift

  ... i Sogn og Fjordane.   

 

 Les meir...

Søk

Verktøylinje

Blogg

Les aktuelle bloggarar...

Besøke blogg

Du er her:

Pris til samarbeid mellom opera og butikk
Pris til samarbeid mellom opera og butikk

Operabønder og Spar-butikk skaffa Gaular nasjonal næringslivspris.

Kultur og Næringsprisen er den fremste arenaer i landet for å syne fram nyskapande, kreative og fruktbare samarbeid mellom kulturlivet og næringslivet. Målet er å heidre og feire dei beste eksempela som finst på gjensidig verdiskapande samarbeid.

Butikk og opera

Åmot Operagard og Spar Sande gjekk til topps i den nasjonale prisutdelinga. Operabøndene Steinar Sørli og Yngve Brakstad fekk prisen av næringsminister Trond Giske under ei tilstelning i Oslo 25.august.

Dynamikk mellom kultur og næring

25. august 2009 vart kultur- og næringsprisen delt ut første gongen. Prisen blir delt ut annakvart år, og målsetnaden er at fleire skal inspirerast av og oppdage den dynamikken som vert til når kultur og næringsliv møter kvarandre.

Grunngjevinga frå juryen

Juryen skriv mellom anna: - «Partane har gjensidig utnytta kvarandre sin kompetanse for å styrke kulturbasert næring, og lokalt omdømme for regionen Sunnfjord i Sogn og Fjordane. Konkret har Åmot Operagard brukt Spar Sande som mentor for å utvikle dei kulturbaserte næringane ved garden».

Sidan 1. august har alle hatt høve til å røyste på sin favoritt via internett, før ein jury nedsett av Forum for kultur- og næringsliv, tok den endelege avgjersla om kven som fortente prisen mest.

Sterk konkurranse

Dei andre nominerte var industriprosjektet Refsnes-frisen i Moss, samt samarbeidet mellom Rogaland Teater og Viking Fotballklubb i Stavanger.
 

Verktøylinje

  • Nettby
  • Origo
  • LinkedIn
  • Lindis fekk BU-pris

    Bygdeutviklingsprisen 2011 gikk til Lindis Alme på Hafslo i Luster. Les kvifor.

  • Forskar og fylkesmann

    Innvandrarar bidreg positivt i arbeidslivet i Sogn og Fjordane! Det er konklusjonen NHO dreg etter erfaringar med Global Future. Forskar ved Vestlandsforsking Carol Azungi er blitt godt kjent med mentoren sin; fylkesmann Anne Karin Hamre.

  • Minister lyttar til Sogndal-gründer
    Minister lyttar til Sogndal-gründer

    Håvard Halvorsen er ein av åtte gründerar som er invitert inn til ministerbordet for å dele sine erfaringar. Måndag hadde dei sitt første møte.

  • Filmtalent med ny film

    Daniel Volle frå Sogndal er i gang med ny film. Han har fått støtte frå Vestnorsk filmsenter, men må likevel vere kreativ for å få fleire pengar.

    1 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | 7 | 8 | 9 | 10 | 11     Neste »
Viser fra 1 til 4 av totalt 78 artikler
Copyright 2008 CoreTrek Red. Oddrun Midtbø                                                                                design by