DRIFTIG.NO  er  for deg som vil;

    -  lære entreprenørskap
    -  starte bedrift
    -  drive bedrift

  ... i Sogn og Fjordane.   

 

 Les meir...

Søk

Verktøylinje

Blogg

Les aktuelle bloggarar...

Besøke blogg

Du er her:

PRO1 – Kunden er sjefen!

15 bedrifter i fylket har lært meir om kor viktig merkevarebygging og strategisk posisjonering er.

- Sterke merke og bedrifter med godt omdømme lukkast betre i kampen om marknad, marginar, kundar, arbeidskraft, samarbeidspartnarar og investorar, seier kursansvarleg Claus Gladyszak i Innovasjon Norge.

Mange aha-opplevingar

Det er noko dei aller fleste veit, men korleis griper bedrifter i fylket tak i denne utfordringa? Fleire av dei som deltok på kurset PRO1 innrømmer at dei fekk seg nokre aha-opplevingar.

- Kjenn din marknad

Føredragshaldar Mette Fagerli frå Mette Fagerli Merkeledelse, hjalp deltakarane i gang med å meisle ut ein strategi for å orientere dei enkelte bedriftene opp mot marknaden.

Behov for kurset

- Det er første gong IN arrangerer eit slikt kurs i merkevarebygging. Dei gode tilbakemeldingane er gledelege og syner at det er behov for denne typen kunnskap. Ei marknadsorientert bedrift tek utgangspunkt i behovet til kunden og forsøker å tilfredstille desse betre eller annleis enn konkurrenten,  seier kursansvarleg Claus Gladyszak, som avsluttar med at det mest truleg blir nye kurs til våren.  

Verktøylinje

  • Nettby
  • Origo
  • LinkedIn
  • Lindis fekk BU-pris

    Bygdeutviklingsprisen 2011 gikk til Lindis Alme på Hafslo i Luster. Les kvifor.

  • Forskar og fylkesmann

    Innvandrarar bidreg positivt i arbeidslivet i Sogn og Fjordane! Det er konklusjonen NHO dreg etter erfaringar med Global Future. Forskar ved Vestlandsforsking Carol Azungi er blitt godt kjent med mentoren sin; fylkesmann Anne Karin Hamre.

  • Minister lyttar til Sogndal-gründer
    Minister lyttar til Sogndal-gründer

    Håvard Halvorsen er ein av åtte gründerar som er invitert inn til ministerbordet for å dele sine erfaringar. Måndag hadde dei sitt første møte.

  • Filmtalent med ny film

    Daniel Volle frå Sogndal er i gang med ny film. Han har fått støtte frå Vestnorsk filmsenter, men må likevel vere kreativ for å få fleire pengar.

    1 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | 7 | 8 | 9 | 10 | 11     Neste »
Viser fra 1 til 4 av totalt 78 artikler
Copyright 2008 CoreTrek Red. Oddrun Midtbø                                                                                design by