DRIFTIG.NO  er  for deg som vil;

    -  lære entreprenørskap
    -  starte bedrift
    -  drive bedrift

  ... i Sogn og Fjordane.   

 

 Les meir...

Søk

Verktøylinje

Blogg

Les aktuelle bloggarar...

Besøke blogg

Du er her:

PRO2 -  gåvepakke til næringslivet

Næringslivet i fylket har fått ei gåvepakke i fanget - om dei vil utvikle seg og bli meir lønsame. PRO2-programmet.

Produktutvikling blir ikkje alltid prioritert høgt nok i ein travel kvardag, eller i stramme nedgangstider, sjølv om det er lønsamt. PRO2-programmet gjer noko med det.

Moro og lønsamt

Eit samarbeid mellom Innovasjon Norge og Bedriftsnettverket i Sogn og Fjordane løfter bedrifter i fylket opp eit par divisjonar, og gjer det meir moro og lønsamt å drive business. Dette skjer gjennom spennande koplingar mellom forskar- og designmiljø, der nøkkelorda er designdrive produktutvikling.

Nyttig innovasjonsverktøy

– Design er eit svært nyttig verktøy for å skape innovasjon. PRO2-programmet gir bedriftene nyttig trening i å bruke dette verktøyet i produktutvikling. Det sikrar at tankegangen ikkje blir ”produktfokusert”, men heller ”behovsfokusert”, forklarar designrådgivar ved Innovasjon Norge (IN), Claus Gladyszak. Svært konkret og matnyttig, akkurat slik bedriftseigarar likar.

Spenstig spenn blant deltakarane

Gjennom fire samlingar på designsenteret Transplant i Fjaler, har deltakarane fått kunnskap om den komplette designprosessen. Dei har fått individuell oppfølging av fagpersonar frå start til slutt - då produktet skal vere klart for marknadsføring og distribuering.

Bedriftsnettverket

- I dette kompetanseprogrammet har vi gått frå nysgjerrigheit til forståing og implementering – og til konkrete resultat ute i bedriftene, seier prosjektleiar Ole Kleiven i Bedriftsnettverket. Han hadde idéen, men legg ikkje skjul på at det er avgjerande å ha Innovasjon Norge med på laget.

Transplant

Marknadssjef Rune Henden ved Transplant meiner denne satsinga er eit løft både for kompetansemiljøet ved Transplant og for bedriftene i fylket. Ikkje minst har det vore nyttig for å gjere bedrifter merksame på kvarandre, og kompetansen ved Transplant som er av internasjonalt format.

Grip sjansen

Satsinga har gitt synlege resultat. Gode nok til at samarbeidspartnarane går på ein ny runde. Då gjeld det for bedriftene i fylket å vere vakne og gripe sjansen.
 

Verktøylinje

  • Nettby
  • Origo
  • LinkedIn
  • Lindis fekk BU-pris

    Bygdeutviklingsprisen 2011 gikk til Lindis Alme på Hafslo i Luster. Les kvifor.

  • Forskar og fylkesmann

    Innvandrarar bidreg positivt i arbeidslivet i Sogn og Fjordane! Det er konklusjonen NHO dreg etter erfaringar med Global Future. Forskar ved Vestlandsforsking Carol Azungi er blitt godt kjent med mentoren sin; fylkesmann Anne Karin Hamre.

  • Minister lyttar til Sogndal-gründer
    Minister lyttar til Sogndal-gründer

    Håvard Halvorsen er ein av åtte gründerar som er invitert inn til ministerbordet for å dele sine erfaringar. Måndag hadde dei sitt første møte.

  • Filmtalent med ny film

    Daniel Volle frå Sogndal er i gang med ny film. Han har fått støtte frå Vestnorsk filmsenter, men må likevel vere kreativ for å få fleire pengar.

    1 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | 7 | 8 | 9 | 10 | 11     Neste »
Viser fra 1 til 4 av totalt 78 artikler
Copyright 2008 CoreTrek Red. Oddrun Midtbø                                                                                design by