DRIFTIG.NO  er  for deg som vil;

    -  lære entreprenørskap
    -  starte bedrift
    -  drive bedrift

  ... i Sogn og Fjordane.   

 

 Les meir...

Søk

Verktøylinje

Blogg

Les aktuelle bloggarar...

Besøke blogg

Du er her:

Satsa i nedgangstider

Finanskrisa gjorde at mange bedrifter i fylket brukte meir tid og pengar på å utvikle produkta og satse på forsking og utdanning. Det viste Næringsbarometeret, som blei lagt fram i 2009.

Bedriftsundersøkinga som Næringsbarometeret gjennomførte i april, viste at 40 prosent av bedriftene nytta finanskrisa til å auke kompetansen og å orientere seg mot nye marknadar.

Dette kom fram i Næringsbarometeret for Hordaland og Sogn og Fjordane, som vart lagt fram 26. mai 2009.

Produktutvikling og FOU

Nesten kvar tredje bedrift hadde auka fokuset på produktutvikling og FOU (forsking og utdanning). Fleire studiar viser at dei bedriftene som brukar nedgangstider til å skaffe seg eit forsprang teknologisk og kompetansemessig, ofte oppnår stor suksess når marknaden snur. Det er derfor trygt å få dokumentert at næringslivet på Vestlandet satsar langsiktig, står det i pressemeldinga frå aktørane bak Næringsbarometeret. Sjå Vestlandsrevyen..

Situasjonen kraftig endra

I løpet av 2009 endra situasjonen for store delar av næringslivet på Vestlandet seg kraftig. I oktober i fjor var hovudbiletet som næringslivet teikna i stor grad positivt, og dei fleste såg for seg at veksten skulle halde fram i 2009, om enn med noko lågare styrke.

Det biletet som næringslivet no teikna, var mindre optimistisk. Med unntak av tenesteyting, vart det venta nedgang innan alle næringane. Konkurransen hardnar til og salsprisane vart stadig meir pressa. Hardast råka var bygg og anlegg og industrien.

Sogn og Fjordane meir optimistisk enn Hordaland

Næringslivet i Sogn og Fjordane var i fjor meir optimistiske enn i Hordaland når det gjalt utviklinga i sysselsetjinga. Ein fjerdedel av verksemdene ville auke talet på tilsette, mens to av tre bedrifter venta stabil sysselsetjing. 

Færre mangla arbeidskraft

Sjølv om rekrutteringsproblema var kraftig redusert sidan våren 2008, var det framleis delar av næringslivet som sleit med å skaffe kompetent arbeidskraft. Kvar tredje bedrift innan verkstadindustri og bygg og anlegg meldte om at dei har ubesette stillingar som følgje av mangel på arbeidskraft.

Kraftig nedgang i investeringane

Utsiktar til lågare etterspurnad og svekka lønsemd, kombinert med vanskeleg tilgang på kapital, fører til lågare investeringar. Over 30 prosent av bedriftene svarte at dei har utsett planlagde investeringar som følgje av finanskrisa. Prosentdelen var særleg høg i oppdrettsnæringa og innan mekanisk industri.  

Kontaktpersonar:

  • Tore Thorsnes, direktør NAV Sogn og Fjordane, tlf. 950 82 733
  • Halvor Flatland, direktør Innovasjon Norge, tlf. 957 81 493
  • Endre Høgalmen, assisterande fylkesdirektør for regional utvikling Sogn og Fjordane Fylkeskommune, tlf. 952 07 789
  • Karin Halle, regiondirektør NHO Sogn og Fjordane, tlf. 416 19 200
  • Olav Hjelle, regionbanksjef bedriftsmarknad Sparebanken Vest , tlf. 917 15 561
     

Verktøylinje

  • Nettby
  • Origo
  • LinkedIn
  • Lindis fekk BU-pris

    Bygdeutviklingsprisen 2011 gikk til Lindis Alme på Hafslo i Luster. Les kvifor.

  • Forskar og fylkesmann

    Innvandrarar bidreg positivt i arbeidslivet i Sogn og Fjordane! Det er konklusjonen NHO dreg etter erfaringar med Global Future. Forskar ved Vestlandsforsking Carol Azungi er blitt godt kjent med mentoren sin; fylkesmann Anne Karin Hamre.

  • Minister lyttar til Sogndal-gründer
    Minister lyttar til Sogndal-gründer

    Håvard Halvorsen er ein av åtte gründerar som er invitert inn til ministerbordet for å dele sine erfaringar. Måndag hadde dei sitt første møte.

  • Filmtalent med ny film

    Daniel Volle frå Sogndal er i gang med ny film. Han har fått støtte frå Vestnorsk filmsenter, men må likevel vere kreativ for å få fleire pengar.

    1 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | 7 | 8 | 9 | 10 | 11     Neste »
Viser fra 1 til 4 av totalt 78 artikler
Copyright 2008 CoreTrek Red. Oddrun Midtbø                                                                                design by