DRIFTIG.NO  er  for deg som vil;

    -  lære entreprenørskap
    -  starte bedrift
    -  drive bedrift

  ... i Sogn og Fjordane.   

 

 Les meir...

Søk

Verktøylinje

Blogg

Les aktuelle bloggarar...

Besøke blogg

Du er her:

Skal gje liv til "Huset i bygda"
Skal gje liv til "Huset i bygda"

Kristin Sandal (26) skal leie prosjektet "Huset i bygda" dei neste tre åra. Målet er å skape aktive og framtidsretta grendehus, bygdehus, samfunnshus og ungdomshus i fylket. Sogn og Fjordane Ungdomslag og Norske kulturbygg står bak prosjektet.

Kristin Sandal frå Byrkjelo tok denne månaden til i jobben som prosjektleiar for Huset i bygda. Målet med prosjektet er å styrke dei lokale kulturbygga i fylket som sosial møtestad, som arena for utøving av kultur og som kulturminne.

- Livsnerven i bygda
Kristin Sandal gler seg til å setje i gang arbeidet med Huset i bygda.

- Huset i bygda er for mange sjølve livsnerven for det sosiale livet og ein møteplass for innbyggarane. Det er mange fritidsaktivitetar for både born og vaksne som føregår i husa, og i mange bygder er ungdomshuset eller bygdehuset det einaste huset til slike føremål. Utan det lokale kulturhuset kan det nokre stader bli slutt på aktiviteten i bygda, seier Sandal.

- Når eg ser betydinga av desse husa er det ein stor inspirasjon til å bidra til å oppretthalde og vidareutvikle dei. Det er noko eg håper å kunne gjere gjennom prosjektet.

Brei organisasjonserfaring
Kristin Sandal vaks opp i Breim, og er i dag sjølvstendig næringsdrivande. Ho har dei siste to åra vore Fylkesaksjonsleiar i TV-aksjonen, og er styreleiar i Norsk Country Treff. Sandal har brei organisasjonserfaring frå mellom anna 4H, Bygdeungdomslag, Stiftinga Norsk Country Treff og frå kommunepolitikk. Ho har eit nært forhold til dei lokale kulturhusa i Breim.

- Kulturhusa i Breim har hatt myke å seie for meg i alle år, gjennom 4H, bygdeungdomslag, basarar, bygdefestar, bryllaup og andre aktivitetar.

- Kva håpar du å oppnå gjennom prosjektet?

- Eg håpar at det blir større fokus på ungdomshus, grendehus og andre organisasjonseigde kulturbygg. Eg vil at både innbyggarar, politikarar og andre i større grad ser nytta og verdien i husa. Vi må jobbe for å skape meir aktivitet i dei og legge til rette slik at huseigarane kan forvalte husa på ein god måte, fortel prosjektleiaren.  

Attraktive bygdesamfunn
Alle kulturbygg som blir eigd og drive av ein frivillig organisasjon kan få hjelp gjennom Huset i bygda. Sogn og Fjordane Ungdomslag og Norske kulturbygg har tatt initiativet til prosjektet som tok til våren 2009. No vil dei to organisasjonane satse enno sterkare. Lokale huskurs, bygdemøte, regionale kurs, dokumentasjon og utvikling av idébank og nye verktøy er sentralt i prosjektet. Noko av det første på tapetet er Kulturhuskonferansen i Olden 13. mars.

- Eg håpar at huseigarane i fylket vert med på å forme dette prosjektet og kjem med innspel til kva som kan gjerast, kva dei treng hjelp til og at dei vil bidra med erfaringane sine, seier Kristin Sandal.

- I Sogn og Fjordane bur mange i mindre grendelag eller bygder. For å halde på ein desentralisert busetnad og skape attraktive bygdesamfunn og nyetablering, er det viktig med eit rikt kulturliv og gode fritidstilbod. Huset i bygda er vesentleg for å få til dette. Eg trur at mykje av identiteten til ei bygd og innbyggarane forsvinn om dei tradisjonsrike kulturhusa forsvinn. Det er difor viktig for både lokalsamfunn, innbyggarane og kulturlivet å ta vare på og utvikle husa, avsluttar den ferske prosjektleiaren.  

For ytterlegare informasjon kontakt:     

Kristin Sandal, prosjektleiar i Huset i bygda: Tlf 952 85 015
Åge Avedal, nestleiar i Sogn og Fjordane Ungdomslag: Tlf 970 72 734

Verktøylinje

  • Nettby
  • Origo
  • LinkedIn
  • Lindis fekk BU-pris

    Bygdeutviklingsprisen 2011 gikk til Lindis Alme på Hafslo i Luster. Les kvifor.

  • Forskar og fylkesmann

    Innvandrarar bidreg positivt i arbeidslivet i Sogn og Fjordane! Det er konklusjonen NHO dreg etter erfaringar med Global Future. Forskar ved Vestlandsforsking Carol Azungi er blitt godt kjent med mentoren sin; fylkesmann Anne Karin Hamre.

  • Minister lyttar til Sogndal-gründer
    Minister lyttar til Sogndal-gründer

    Håvard Halvorsen er ein av åtte gründerar som er invitert inn til ministerbordet for å dele sine erfaringar. Måndag hadde dei sitt første møte.

  • Filmtalent med ny film

    Daniel Volle frå Sogndal er i gang med ny film. Han har fått støtte frå Vestnorsk filmsenter, men må likevel vere kreativ for å få fleire pengar.

    1 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | 7 | 8 | 9 | 10 | 11     Neste »
Viser fra 1 til 4 av totalt 78 artikler
Copyright 2008 CoreTrek Red. Oddrun Midtbø                                                                                design by