DRIFTIG.NO  er  for deg som vil;

    -  lære entreprenørskap
    -  starte bedrift
    -  drive bedrift

  ... i Sogn og Fjordane.   

 

 Les meir...

Søk

Verktøylinje

Blogg

Les aktuelle bloggarar...

Besøke blogg

Du er her:

Søstrene bak Lustrabui

To vaksne søstre realiserte ein draum. Dermed vart det liv i sentrum og gode brød til sogningar.

Like ved kyrkja i Dale i Luster låg samvirkelagsbygget mørkt og tomt i mange år. Dei to siste åra har søstrene Tordis og Gudny Alme fått liv, lukt og smak i bygget og bygda. Gjennom etableringa Lustrabui as.

Flytta heim for å satse

Tordis har arbeidd med grøn omsorg i mange år, men valte å avvikle og flytte heim då idéen om eit bakeri tok form. Gudny har mellom anna arbeidd i fleire periodar i Hebron for Flyktninghjelpen. Dei lærte seg alt om bakarkunsten hjå den kjende Morten Schakenda i Bakeriet i Lom. Med opning kvar dag i løpet av sommaren, og nybakte brød og bollar rekk steinomnen i Lustrabui aldri å bli heilt kald.

Sommaren er redninga

På opningsdagen, 26. april 2008, vart det fullt hus, med skulekorps og sjølvlaga song. To år etter angrar ikkje kvinnene på satsinga, men dei har gjort seg nyttig erfaring i korleis dei vil drive vidare. – Det er ikkje berre enkelt å få folk til å skjøne at det kostar med brød som er bakt med dei beste råvarene og på denne måten, seier Gudny. Ho legg ikkje skjul på at det er gode somrar med turistar og heimvende lustringar som gjer at dei kan halde fram.

 Dagfinn Hovland bruker ei veke av ferien sin til å servere lustringar og turistar ferske bollar. (Foto: Oddrun Midtbø)

Smart trekk for å treffe sambygdingar

Utflytta lustring og lærar, Dagfinn Hovland, bruker ei veke av ferien sin til å stå bak disken i kafeteriaen. Han er ein av rundt åtte personar som står på lønningslista til Lustrabui.
- Det er ein ypparleg måte å treffe sambygdingar på, smiler han og serverer rykande ferske bollar og kaffi til lustringar og turistar som stoppar forbi.

Gründerar i vaksen alder

Denne historia kan også vere ein tankevekkjar for alle som har sett seg blinde på at omgrepet gründer berre kan passe på menneske under 35 år. Her er to kvinner som i vaksen alder følgde draumen, og skapte liv, arbeidsplassar, god lukt og smak i grendi.

Dei har også bidrege til fleire etableringar. I tillegg til bakeri og kafé, rommar også bygget Klinikken til Eva Irene Nyløy. Dotter til Gudny tilbyr dermed lustringar fotpleie og aromaterapi.

Verktøylinje

  • Nettby
  • Origo
  • LinkedIn
  • Lindis fekk BU-pris

    Bygdeutviklingsprisen 2011 gikk til Lindis Alme på Hafslo i Luster. Les kvifor.

  • Forskar og fylkesmann

    Innvandrarar bidreg positivt i arbeidslivet i Sogn og Fjordane! Det er konklusjonen NHO dreg etter erfaringar med Global Future. Forskar ved Vestlandsforsking Carol Azungi er blitt godt kjent med mentoren sin; fylkesmann Anne Karin Hamre.

  • Minister lyttar til Sogndal-gründer
    Minister lyttar til Sogndal-gründer

    Håvard Halvorsen er ein av åtte gründerar som er invitert inn til ministerbordet for å dele sine erfaringar. Måndag hadde dei sitt første møte.

  • Filmtalent med ny film

    Daniel Volle frå Sogndal er i gang med ny film. Han har fått støtte frå Vestnorsk filmsenter, men må likevel vere kreativ for å få fleire pengar.

    1 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | 7 | 8 | 9 | 10 | 11     Neste »
Viser fra 1 til 4 av totalt 78 artikler
Copyright 2008 CoreTrek Red. Oddrun Midtbø                                                                                design by