DRIFTIG.NO er for deg som vil;
- lære entreprenørskap
- starte bedrift
- drive bedrift
... i Sogn og Fjordane.
Les aktuelle bloggarar...
- Vi er i reine hallelujastemninga. Dette syner at vi er på rett veg, seier dagleg leiar i Framtidsfylket AS, Anne van Oorschot.
Pilene peiker oppover
Oppsummeringa syner nesten 950 menneske innom dei tre messene. Talet på stands auka med 30 prosent, og talet på gjester med 25 prosent. Totalt har dei tre messene hatt ein kostnad på 1,2 millionar kroner. Oorschot er ikkje i tvil om at dette er vel nytta pengar. Ho får støtte frå deltakarane, både studentar og utstillarar.

Konkrete resultat i form av epostar med CV
- Vi har berre positive erfaringar, og deltok på alle tre karrieremessene, i Trondheim, Oslo og Bergen. Då vi kom heim etter første messa låg det fleire epostar med CV’ar i innboksen, seier Anne Kari Husevåg Hereid. Ho er leiar for staben ved Saga Fjordbase AS i Florø, og representerer heile INC-gruppa på karrieremessene.
Viktig møteplass for næringslivet
Dagleg leiar Aud Ingrid Espeland i Fjord Invest, fortel at messene er blitt ein viktig møteplass for næringslivet.
- For det første er det veldig kjekt å delta på messene, og å treffe mange blide og flotte menneske. Det er nyttig å få vise fram kva næringsliv vi har i Sogn og Fjordane. Selskapet vårt representerer ein ny bransje i fylket. For vår del traff vi flest interesserte i Oslo og Bergen, der faga finans/økonomi står sterkt, seier Espeland.
Messene fører til nye medarbeidarar
- Messene er eit konsept som har fått eit godt omdømme, og har blitt ei god merkevare, seier sals- og marknadssjef Stian Madsen i Elis. - Vi har tidlegare rekruttert medarbeidarar direkte frå messene. Kva det blir til i år veit eg ikkje. Om vi kan tilsetje ein medarbeidar etter desse tre messene er det fantastisk, men det er uansett ikkje slik vi måler om messene har vore vellukka. For oss handlar det vel så mykje om omdømmebygging, og å få vist at vi har eit spennande kompetansemiljø.
Bygdeutviklingsprisen 2011 gikk til Lindis Alme på Hafslo i Luster. Les kvifor.
Innvandrarar bidreg positivt i arbeidslivet i Sogn og Fjordane! Det er konklusjonen NHO dreg etter erfaringar med Global Future. Forskar ved Vestlandsforsking Carol Azungi er blitt godt kjent med mentoren sin; fylkesmann Anne Karin Hamre.
Håvard Halvorsen er ein av åtte gründerar som er invitert inn til ministerbordet for å dele sine erfaringar. Måndag hadde dei sitt første møte.
Daniel Volle frå Sogndal er i gang med ny film. Han har fått støtte frå Vestnorsk filmsenter, men må likevel vere kreativ for å få fleire pengar.
| Copyright 2008 CoreTrek | Red. Oddrun Midtbø design by |