DRIFTIG.NO er for deg som vil;
- lære entreprenørskap
- starte bedrift
- drive bedrift
... i Sogn og Fjordane.
Les aktuelle bloggarar...
Åmot Gard i Bygstad, sopranen Jorunn Torsheim og kokken Christel Eide frå Mitt lille kjøkken, har vore i New York for å presentere eit nytt reiselivsprodukt.
På jakt etter kresne turistar
- Vi er på jakt etter kundane som har opplevd alt, men som framleis søkjer det unike og ekte, som vil ha eksklusive opplevingar, seier Steinar Sørli frå Åmot operagard i ei pressemelding.
Lukka arrangement
Operacruise vart lansert under eit lukka arrangement i New York, der rundt 30 agentar deltok. Blant dei som deltok var reiselivsagenten til skodespelaren Michael Douglas.
Under arrangementet framførte Jorunn Torsheim songar av Edvard Grieg og Puccini, og Christel Eide serverte vikinginspirerte coctails og norsk fingermat.
Opplegget til operacruise
Dei som blir med på operacruise landar på Flesland og startar den åtte dagar lange opplevinga under Festspela i Bergen, med musikk av Edvard Grieg og Ole Bull på Troldhaugen og Lysøen.
Deretter går turen vidare med fly til Førde, der deltakarane vert henta til Åmot Gard. Her får dei høyre operasongaren Solveig Kringlebotn, før sjølve cruiset startar.
Ein privat yacht hentar gjestene i Dalsfjorden og tek dei med sørover til Sognefjorden og inn til Finnabotn. Med på cruiset er Jorunn Torsheim, som vil by på eigne konsertopplevingar undervegs.
Tek Norge i bruk
Dei neste dagane står både Nærøyfjorden og Flåmsbana på programmet, før turen blir avslutta i Oslo med to oppsetjingar på Den norske opera og ballett. Der møter dei igjen Solveig Kringlebotn i ei av hovudrollene.
Næringslivet i Sogn og Fjordane kan lære mykje av dette samarbeidet; korleis utvikle produktet sitt, og ikkje vere redd for å sikte høgt.

Bygdeutviklingsprisen 2011 gikk til Lindis Alme på Hafslo i Luster. Les kvifor.
Innvandrarar bidreg positivt i arbeidslivet i Sogn og Fjordane! Det er konklusjonen NHO dreg etter erfaringar med Global Future. Forskar ved Vestlandsforsking Carol Azungi er blitt godt kjent med mentoren sin; fylkesmann Anne Karin Hamre.
Håvard Halvorsen er ein av åtte gründerar som er invitert inn til ministerbordet for å dele sine erfaringar. Måndag hadde dei sitt første møte.
Daniel Volle frå Sogndal er i gang med ny film. Han har fått støtte frå Vestnorsk filmsenter, men må likevel vere kreativ for å få fleire pengar.
| Copyright 2008 CoreTrek | Red. Oddrun Midtbø design by |