DRIFTIG.NO er for deg som vil;
- lære entreprenørskap
- starte bedrift
- drive bedrift
... i Sogn og Fjordane.
Les aktuelle bloggarar...
- Det er fantastisk gøy å sjå at så mange valde å feire påsken i bølgjene saman med oss, seier den ferske campsjefen på Stadt, Ruben Søderlind.

Kreative sjeler
Hoppskia vart bytta ut med surfebrett, og i motsetnad til lengde som er avgjerande i eit vanleg hopprenn, vart det berre dømt på stil og kreativitet, skriv karane bak Lapoint i ei pressemelding.
Kåring av beste nybyrjarar
Om lag 40 menneske var samla i Hoddevika påskeaftan for å få med seg kåringa av den beste nybyrjaren i bølgjesurfing.
- Det er første gongen vi arrangerer ein konkurranse i dette formatet, der ferskingar får høve til å konkurrere om store premiar. Vi var utruleg heldige med ver og bølgjer, og sola kom fram akkurat under startskotet. Til lyden av dønningar, var det berre heilt perfekt, meiner ein svært nøgd campsjef.

God støtte frå næringslivet
Arrangementet hadde i følgje arrangøren vore vanskeleg å få til utan støtte.
- Ein stor takk til våre samarbeidspartnarar; Sparebanken VEST, Rip Curl og Aerial7. Det er fantastisk gøy å ha så gode folk i ryggen som er med på å inspirere og backe opp bretttalent i alle aldar, på alle nivå. Surfing er ein sport som alle kan ha glede av. Det er magisk å padle ut i havgapet omkransa av den unike naturen vi har her på Stadtlandet, avsluttar Ruben.
Vidareutvikla produktet
og forlenga sesongen
Dei surfeglade gründerane syner dermed at dei har teke eit steg vidare i å utvikle produktet, og dermed fått forlenga sesongen. Vil du drøyme deg vekk til Stadtlandet, kan du anten reise dit eller sjå denne videosnutten frå påskesurfen.
Bygdeutviklingsprisen 2011 gikk til Lindis Alme på Hafslo i Luster. Les kvifor.
Innvandrarar bidreg positivt i arbeidslivet i Sogn og Fjordane! Det er konklusjonen NHO dreg etter erfaringar med Global Future. Forskar ved Vestlandsforsking Carol Azungi er blitt godt kjent med mentoren sin; fylkesmann Anne Karin Hamre.
Håvard Halvorsen er ein av åtte gründerar som er invitert inn til ministerbordet for å dele sine erfaringar. Måndag hadde dei sitt første møte.
Daniel Volle frå Sogndal er i gang med ny film. Han har fått støtte frå Vestnorsk filmsenter, men må likevel vere kreativ for å få fleire pengar.
| Copyright 2008 CoreTrek | Red. Oddrun Midtbø design by |