DRIFTIG.NO  er  for deg som vil;

    -  lære entreprenørskap
    -  starte bedrift
    -  drive bedrift

  ... i Sogn og Fjordane.   

 

 Les meir...

Søk

Verktøylinje

Blogg

Les aktuelle bloggarar...

Besøke blogg

Du er her:

Tungindustri møter design

- Tungindustrien er ganske tradisjonell og sidrumpa. Vi har stor nytte av møte med ny tankegang, seier Knut Skår frå Impec i Øvre Årdal. Han har gjennom PRO2-programmet fått styrka trua på designdrive produktutvikling.

Leiaren ved konstruksjon- og salsavdelinga i Impec har aldri vore i tvil om at det kan vere smart å tenkje meir brukarretta design når dei produserer tekniske løysingar for aluminiumsindustrien.

 Tradisjonelle stålkonstruksjonar på seks til åtte meter med vekt på 20-30 tonn, kan gjerast meir funksjonelle i møte med industridesignarar.  

 Design er meir enn estetikk

- Vi har hatt stort utbytte av å få tanken om brukarretta design inn i ein elles så teknisk kvardag, seier Skår, som meiner det er ei generell mistyding om kva design kan vere.

 - Folk tenker klede eller møblar, men det er like mykje brukarvenlege løysingar i form av farge, lyssetting og konstruksjon. Bruk av brukarretta design kan gjere arbeidsdagen lettare for operatøren. Det er eit svært spennande felt å få innblikk i, seier han som ikkje nølte då dei fekk tilbodet om å melde seg på PRO2.

 Nye impulsar

 Dei har arbeidd konkret med eit prosjekt for Hydro, men på grunn av nedgangstider i bransjen er prosjektet lagt på is. – Ved første sjanse vil vi ta tak i prosjektet att, seier han som uansett har fått med seg nye impulsar i utviklinga av verksemda som gir 55 arbeidsplassar.

 Han vil ikkje gå så langt som å seie at han har fått nokon stor aha-oppleving i løpet av samlingane. – Men eg har fått styrka trua på kor viktig brukarretta design er – også for ei næring som tungindustrien, seier han, og legg til at møtet med andre bedrifter alltid er nyttig.

 Tekst og foto: Leon Vårheim, Transplant.

 

 

Verktøylinje

  • Nettby
  • Origo
  • LinkedIn
  • Lindis fekk BU-pris

    Bygdeutviklingsprisen 2011 gikk til Lindis Alme på Hafslo i Luster. Les kvifor.

  • Forskar og fylkesmann

    Innvandrarar bidreg positivt i arbeidslivet i Sogn og Fjordane! Det er konklusjonen NHO dreg etter erfaringar med Global Future. Forskar ved Vestlandsforsking Carol Azungi er blitt godt kjent med mentoren sin; fylkesmann Anne Karin Hamre.

  • Minister lyttar til Sogndal-gründer
    Minister lyttar til Sogndal-gründer

    Håvard Halvorsen er ein av åtte gründerar som er invitert inn til ministerbordet for å dele sine erfaringar. Måndag hadde dei sitt første møte.

  • Filmtalent med ny film

    Daniel Volle frå Sogndal er i gang med ny film. Han har fått støtte frå Vestnorsk filmsenter, men må likevel vere kreativ for å få fleire pengar.

    1 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | 7 | 8 | 9 | 10 | 11     Neste »
Viser fra 1 til 4 av totalt 78 artikler
Copyright 2008 CoreTrek Red. Oddrun Midtbø                                                                                design by