DRIFTIG.NO  er  for deg som vil;

    -  lære entreprenørskap
    -  starte bedrift
    -  drive bedrift

  ... i Sogn og Fjordane.   

 

 Les meir...

Søk

Verktøylinje

Blogg

Les aktuelle bloggarar...

Besøke blogg

Du er her:

 VideoNor satsar nasjonalt

Det skjer spennande ting innafor bruk av ny teknologi i Måløy. VideoNor har no opp nye tenester innafor bruk av videokonferansar.

 

VideoNor er ei nystarta IT-bedrift i Måløy. Dei satsar nasjonalt på å levere profesjonell videokonferanse som ei teneste.

Imponert statsråd delte ut millionar

Fredag 7.mai kl. 10.00 vart VideoNor offisielt opna av kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete. Ho markerte hendinga med å dele ut to millionar kroner til VideoNor frå Innovasjon Norge, og med å rive sund ei statleg reiserekning. Til stor applaus frå dei andre deltakarane som var lokalisert til Stavanger, Leikanger, Måløy og København. Bruk av videokonferansar vil spare bedrifter for store summar og miljøet for CO2-utslepp.


Ny teknologi styrkar distrikta

- Bruk av denne typen teknologi vil medverke til at verksemder med spennande arbeidsplassar kan bli lokalisert over heile landet, og at ein kan delta på lik linje med makta i dei store byane, sa statsråden. Ho deltok frå Distriktssenteret i Sogndal sine lokale. - Kanskje er omgrepet sentrum - periferi i ferd med å bli henta inn av den teknologiske utviklinga. Teknologien byggjer ned avstandar og fjernar hindringar.

 

 

- Like enkelt og rimeleg som mobiltelefon

- Vår visjon er basert på at profesjonell videokonferanse er for alle – uavhengig av økonomi, storleik, IT - kunnskap og interne ressursar. Med denne teknologien vil det vere like enkelt og rimeleg å bruke videokonferanse som det er å bruke mobiltelefon, seier dagleg leiar, Jørn Mikalsen. Det er mange som tilbyr videokonferansar nasjonalt og internasjonalt. Det unike er å tilby abonnement på denne type tenester, seier han.

Flytter frå Oslo til Måløy

Gründeren forlet toppjobb i Tandberg og flytter frå Oslo til Måløy for å etablere VideoNor. Med seg på laget har han lokale og nasjonale kapasitetar innafor teknologibransjen, investorar og det offentlege verkemiddelapparatet. No er dei to tilsette, men aukar i desse dagar med to teknikkarar. I løpet av 2010 reknar han med at dei er åtte – ti tilsette i bedrifta som er ein del av det spennande Måløy-miljøet.

Måløy-miljøet: risikovillig og kreativt

”Måløy har i løpet av dei siste åra blitt sentrum for ei brei satsing på grøn IT og andre nyskapande bedrifter med miljøprofil. Kjenneteikn på kulturen er evna til å ta risiko og tenkje kreativt. Næringsmiljøet er prega av offensiv haldningar og ei sterk entreprenørånd. Eit naturleg resultat av dette er eit nyskapande næringsliv og vellukka nyetableringar,” skriv Videonor på eigne heimsider. 25 personar har i dag arbeidsplass i det veksande teknologimiljøet på kysten.
 

Verktøylinje

  • Nettby
  • Origo
  • LinkedIn
  • Lindis fekk BU-pris

    Bygdeutviklingsprisen 2011 gikk til Lindis Alme på Hafslo i Luster. Les kvifor.

  • Forskar og fylkesmann

    Innvandrarar bidreg positivt i arbeidslivet i Sogn og Fjordane! Det er konklusjonen NHO dreg etter erfaringar med Global Future. Forskar ved Vestlandsforsking Carol Azungi er blitt godt kjent med mentoren sin; fylkesmann Anne Karin Hamre.

  • Minister lyttar til Sogndal-gründer
    Minister lyttar til Sogndal-gründer

    Håvard Halvorsen er ein av åtte gründerar som er invitert inn til ministerbordet for å dele sine erfaringar. Måndag hadde dei sitt første møte.

  • Filmtalent med ny film

    Daniel Volle frå Sogndal er i gang med ny film. Han har fått støtte frå Vestnorsk filmsenter, men må likevel vere kreativ for å få fleire pengar.

    1 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | 7 | 8 | 9 | 10 | 11     Neste »
Viser fra 1 til 4 av totalt 78 artikler
Copyright 2008 CoreTrek Red. Oddrun Midtbø                                                                                design by