DRIFTIG.NO er for deg som vil;
- lære entreprenørskap
- starte bedrift
- drive bedrift
... i Sogn og Fjordane.
Les aktuelle bloggarar...
Tryllefløyten hadde premiere 1.oktober. Elevane har fått erfaring gjennom å vere med på å lage rekvisittar, kulissar, lysdesign, sminke aktørane og vere med i kor og orkester – i tillegg til å vere husvertar for førestillingane.

Arbeid som passar læreplanen
- Over 40 elevar ved mange av dei yrkesfaglege linene på skulen er med på det spennande arbeidet. Både dei og dugnadsgjengen ved operaen har arbeidd i mange veker med alt som skal lagast. Elevane får mykje kunnskap som går rett inn i læreplanen, og dei får god erfaring med å arbeide i denne typen bedrift. Praksisen dei får i samband med slike kulturarrangement er både viktig og inspirerande, skriv lærar Sigrun Heggen Leivdal på fylkeskommunen si nettside.
Lærer om fargar og materiale
Saman med scenograf Sunniva Bodin, lagar elevane på interiør og utstillingsdesign kulissar og rekvisittar til operaen. Dei lærer blant anna om korleis dei kan skape romverknader, kva farge har å bety, og korleis ulike material skaper ulike effektar. Elevane på denne lina har dei siste vekene nytta alle programfagtimane sine til operaarbeidet.
Det har blitt ekstra mykje arbeid på dei i år, i og med at skulen ikkje har elevar på industriell møbelproduksjon, noko faglærarane ikkje var klar over då dei tok på seg arbeidet. Men dei tolv elevane på interiør og utstillingsdesign arbeider både dag og ettermiddagar – med stort og smått.

Ulike oppdrag for elevane
Elevane på design og handverk er med og sminkar alle som skal på scena. Elevar frå linene elenergi og data og elektronikk er sterkt involverte i arbeidet med lysdesign. Alt i alt er dette eit godt døme på godt samarbeid mellom kultur- og næringsliv og skule.
Rapporten «Ungdomsbedrift og entreprenørskap» konkluderer med at dei som har drive ungdomsbedrift i skulen, oftare enn andre, startar opp eigne bedrifter seinare.
19-år gamle Vegard Ebbe Osa har ein smart idé som kan setje ein stoppar for alle som vil jukse seg til betre eksamensresultat.
Elevar ved Eid vidaregåande skule er sterkt involvert og får nyttig erfaring, gjennom arbeidet med Tryllefløyten.
“Frå utdanning til jobb” er eit program som tek sikte på å lære elevar i vidaregåande skule om korleis arbeidsmarknaden fungerer. Det er Ungt entreprenørskap som står bak, og i Sogn og Fjordane har heile 1282 elevar meldt seg på.
| Copyright 2008 CoreTrek | Red. Oddrun Midtbø design by |